Utstilling og eksamen mai 2010

august 15, 2010 § Kommenter innlegget

Som ei avslutning på denne bloggen – legg eg no ut ei slidesframsyning som viser av nokre av arbeida frå eksamensutstillinga som vi hadde ved dette studiet i kunst og handverk; fagområde: Arkitektur og Design (ReDesign).

This slideshow requires JavaScript.

Eksamen og siste innspurt…

mai 6, 2010 § Kommenter innlegget

Dette er kanskje det (nest?) siste innlegget som kjem på denne fagbloggen. Dette er ein blogg-logg som eg har skrive medan eg har gått på kunst og handverkstudiet ved Høgskulen i Sogn og Fjordanevåren 2010 . I dag har klassen gjennomført munnleg gruppeeksamen i fagdidaktikk.

Oppgåvene vi har jobba med dette siste halvåret i Design->ReDesign og i arkitektur skal evaluerast på utstillinga som skal vere klar til i morgon kl 11. (Kanskje legg eg ut nokre bilde frå utstillinga i løpet av helga, for å vise korleis vi har jobba med oppgåvene, og kor ulikt vi har valt å løyse dei).

Den siste finpussen på arkitekturoppgåva mi gjer eg no i kveld. Utstillinga er nesten klar. Montasjen min må ordnast litt på i morgon tidleg, fordi plakaten ikkje vil henge skikkeleg til underlaget. Eg vil prøve å skjære opp ei list i papp, som eg festar på baksida med dobbeltsidig tape, og som eg kan feste med nåler frå undersida, slik at dei ikkje viser…

Scetchboka mi har eg nett sett over og gjort siste finpussen på, og skal eg gjere ferdig ei (for meg) litt avansert skisse som må inn i portefølja mi. Eg har att ein del skuggelegging og detaljar som må på plass, i tillegg til at eg må jobbe med å få meir djupn i bildet. Og når dette er gjort – då reknar eg meg som ferdig:-)

Slik vart montasjen min (som er laga som ein poster):

Heidi poster

Lita rettleiing til Sketchup

mai 5, 2010 § Kommenter innlegget

Fann i dag ei lita rettleiing til Sketchup Del og Bruk.
Vedkommande som har laga denne rettleiinga seier at ho har prøvd ut Sketchup i undervisningssamanheng heilt ned i 3. klasse. Elevane teiknar allereie etter første time. Ikkje noko avansert program å bruke med andre ord:-)

Ekskursjon til Sogndal ungdomsskule

mai 3, 2010 § Kommenter innlegget

På samlinga fredag 23. april vart det gjennomført ekskursjon til Sogndal Ungdomsskule, der faglærar i Kunst og handverk Aslaug L Navarsete viste fram elevarbeid ved skulen og fortalde/demonstrerte få eiga undervisning, primært 8. klassetrinn. Dette var ein svært matnyttig, interessant og lærerik dag.

Hovudområde Arkitektur
Aslaug fortalde mellom anna korleis dei jobba med arkitektur som eit tverrfagleg prosjekt, og gjerne over fleire år. Vi fekk sjå montasjar/dokumentasjon frå elevarbeid.

Hovudmålet er at elevane skal reflektere over dei visuelle omgjevnadene i lokalmiljøet. Elevane vert utfordra på byggeskikk. Kven skal bestemme i byggesaker, og/eller om eit hus er fint eller ikkje? Kva krefter verkar inn på byggeskikken i lokalmiljøet?
Det vert gitt oppgåver som utfordrar elevane til å tenke sjølv.

Prosjektet startar med at Aslaug held ei innføringsførelesing for elevane om arkitekturhistoria generelt og om arkitekturen i Sogndal spesielt. Foilar og bilete frå Lionskalendaren vert nytta for å dokumentere den gamle byggeskikken og korleis Sogndal har endra seg over tid.

Elevane vert så sendt på fotojakt i nærmiljøet for å ta bilde av hus, for deretter å bearbeide materialet dei finn. Målet er å bli kjend med bygda si, og å finne ut kva som meinast med arkitektur. Dei observerer uterommet; gater, trapper, murar -og dei finn ut kva som påverkar omgjevnadene våre.

Elevane jobbar i gruppe, og vel tema sjølv. Nokre døme på tema: Vakre hus, Mystiske hus, Rare hus, Idylliske hus osb.

Presentasjonsformene er ulike, alt i frå montasje på plakat, munnlege presentasjonar med Power Point til laminerte presentasjonar.

Vi fekk sjå at nokre hadde teikna hus med blyant frå ulike perspektiv, skrive litt om kvart av husa og limt på plakatar. Andre hadde laga presentasjonane sine i A3-format på ark som var sett inn i plastlommer. Elevane hadde vore svært kreative på Lay-out.

Ei av oppgåvene som elevane jobbar med på 10. trinn , er å bygge tårn av papir og binders:
– så høgt som mogleg
– så sterkt som mogleg
– så pent som mogleg

Her vert det lagt meir vekt på det konstruktive i arkitekturen.

Litteratur som vart brukt i samband med oppgåva er: Hus og Stil (her fekk vi råd om å kjøpe inn klassesett) Studiehefte, Gerhard Hauken, Europas stilhistorie, Axel Coldwin, Byggeskikk i Norge, Odd Brochmann. Fortidsminneforeningen har også gitt ut ein del litteratur som kan vere aktuell.

Hovudområde Design
Aslaug fortalde også om korleis dei jobbar med området Design. Dette er eit takknemleg emne å jobbe med i skulen, fordi Design er «in-i tida» og elevane tykkjer det er spennande. Elevane må likevel motiverast til sjølve teoribiten. Her vert det fokusert på kva Design handlar om; dvs at ein som er Designer ofte sit på ei kontor og teiknar ein ting og lagar ein prototype. Deretter overtek andre for å produsere tingen, marknadsføre den slik at folk skal få lyst til kjøpe den. Det vert fokusert på å samanlikne skandinavisk design med internasjonalt design, og ein jobbar med ulike omgrep i Design; t.d folkekunst, kunstindustridesign, redesign, webdesign, reklamedesign, klesdesign, møbeldesign osb. I tillegg snakkar ein om korleis ein kan bli designer. Aslaug anbefalte boka Skandinavisk Design og God form i Norge (Jacob-prisen)

Vi fekk også ei innføring i korleis elevane jobbar med keramikk på 8. trinn. Aslaug sa at elevane jobbar over tid med ein og ein ting, og at dei ikkje «stressar» med å bli ferdige. Det viktigaste er å «terpe» handverket, og å vere nøye med kvaliteten. Sogndal U-skule har eige keramikkrom og keramikkovn, der det også er plass til tørking. Leire er eit veldig godt materiale å jobbe med, fordi det er eit plastisk materiale.

Vi fekk sjå ei utstiling med flotte elevarbeid. Elevane hadde laga flotte kermikkfat, som hadde ulike typar glasering og dekor. Vi fekk også sjå korleis elevane hadde jobba med ei skål i snøballteknikk. Leira som vert brukt er kvit leire (Vingerling K123). Fordelen med den, er at den er lett å jobbe med, og at den ikkje tørkar så lett ut. Dessutan trengst det berre to lag med glasur (tre på annan leire). Den kan brannast opp til 1280 grader. Ulempa er at den er litt dyrare enn «vanleg» blåleire.

I snøballteknikken lagar elevane ein ball av leira, der dei brukar fingrane for å hule ut med. Dette gjer dei ved å dreie ballen rundt og rundt, slik at det vert større og større hol. Det vert snakka med elevane om opne og lukka former. Ein annan teknikk som også kan brukast, er ein teknikk der ein brukar ei annan skål som mal/form. Det er viktig å legge plast oppi skåla før ein legg leira oppi og startar å forme leira.

Elevane lagar også eigne mønster til skåla, og jobbar med geometriske og organiske former. Elevane får også lage fat i kjevleteknikk (viktig å bruke lange kjevle). Då kan dei lage dekor med ulike blondedukar, papir, gamle sykkeldekk, eller dei kan stemple. Dei kan også kjevle på strie for å få mønster. Etter brenning, må produktet pussast godt med sandpapir nr 40. Deretter glasere med penselglasur. Obs: nokre av dei er giftige, så det vert anbefalt bruk av maske og hanskar.

Aslaug fortalde også om korleis elevane jobba med fargane etter NCS-systemet (norsk standard). Dette er eit naturleg fargesystem og eit visuelt godt system, som blir brukt i industrien. Det kan kjøpast ferdige plansjer på Byggtjenesten. Elevane lærer omgrepa kvitheit, svartheit og kulørtheit, og det vert snakka om svartaktige og kvitaktige fargar og kulørsterke fargar. Det vert jobba systematisk med fargane inn mot mønsterbygging og bruk av formalestetiske verkemiddel.

Her noko av det flotte vi fekk sjå:

This slideshow requires JavaScript.

Modellen min er no heilt ferdig!

mai 3, 2010 § Kommenter innlegget

Funkismodell 1:50

I helga har eg jobba med å gjere ferdig funkismodellen min. På tilbakemeldinga frå faglærar sist tysdag, vart det berre gitt ein liten kommentar – og det var at dekorlista som gjekk rundt den eine sida av huset var for brei i høve målestokken 1:50. Dette visste eg forsåvidt allereie, fordi lista ikkje vart slik eg ønskte, med det materialet eg hadde til rådvelde der og då. Problemet var at kartonginnmaten «taut» ut på kvar side av snittet.

Etter fleire mislukka forsøk, endte eg opp med å bruke eit anna pappmateriale enne det opprinnlege. Eg fann ei øskje med tunnare kartong som var enklare å skjære i og lettare å bearbeide. Eg skar lista 2 mm brei i målestokk 1:50 (som tilsvarar 10 cm i verkelegheita). Eg måtte lime saman 5 lag med papp før lista vart 2 mm også i tjukna. Deretter limte eg lista på huset. Den går litt ut forbi kanten om det eine hushjørnet, og stoppar ved det andre, og slik er den også i verkelegheita. For å få dei to listendane saman måtte eg skråskjære pappen slik at dei møttest i ein 45 graders vinkel.

Eg har også limt huset fast til pizzaøskjeplata, saman med garasje og to «prydbusker». Den eine buska har eg laga av ei gamal stoffremse, den andre av ein slags isoporemballasje som vert nytta rundt eple. I tillegg har eg sett opp rosa gjerde (i same type epleemballasje) rundt delar av installasjonen, for å markere at huset står på ein avgrensa eigedom og for å ramme inn det heile. Gjerdet er 2 cm høgt på modellen, noko som tilsvarar eit standard mål på eit gjerde (1 m i verkelegheita).

Eg var lenge usikker på om eg skulle lime på ei mørk remse med mørk emballasje foran trappa ved inngangspartiet, men valgte til slutt å ikkje gjere det. Eg ønskte ikkje blande inn fleire materiale enn dei eg alt hadde valt ut, fordi eg var redd for at det ville stele fokus frå sjølve modellen.

Inngangsparti funkis

Då vi var på museumsbesøk sist veke, fann eg tilfeldigvis ein lys gul leikebil i museumsbutikken i målestokk 1:50 av merket Trabant. Dette var ein slik «må-ha» ting – som berre passa perfekt til modellen min. Den har no fått fast plass (bokstaveleg talt) ved garasjen utanfor inngangen. Der står den med ein tape-bit under kvart hjul så den ikkje skal køyre av garde…

Dei siste dagane …

mai 1, 2010 § Kommenter innlegget

…har eg brukt tida mi til å skisse/teikne fleire hus. Eg fekk nemleg tilbakemelding om at eg har utviklingspotensiale på dette feltet. Eg fekk tips frå faglærar om at eg burde bruke tida mi fram mot eksamen til å teikne meir, og helst fleire hus.

Å teikne er (dessverre) ikkje noko eg gjer til dagleg (og kan heller ikkje skryte på meg at eg gjer det særleg ofte). Dessverre har eg ikkje noko naturleg talent for teikning, og må difor gå den tunge vegen med å lære meg teknikkar for å bli betre. Eg fekk tips om å finne fram til blyantteikningar av hus, gjerne teikningar i barnebøker. Eg fann fleire fine bøker som eg no har studert, mellom anna ei fin barnebok av Ib Spang Olsen: Vi i veien vår. Spang Olsen har i denne boka mange flotte blyantteikningar av hus som er gode å teikne etter.

Å bruke sikteteknikk i frihandsteikning
Eg har dei siste dagane også brukt tid på å repetere kunnskap om sikteteknikk. Dette er ein teknikk som kan hjelpe oss med visuell bedømming, slik at dei tinga vi teiknar får riktig form og står i riktig storleiksforhold til kvarandre. Det einaste ein treng er ein blyant.

Slik gjer ein dette: Vi held blyanten på strak arm foran oss – i parallellplan med auga og vinkelrett på synslinja. På denne måten målar vi vinklane mellom linjene og dei relative lengdene. Når vi tek linjemål rettar vi spissen av blyanten mot den eine enden av ei linje vi ser. Den andre enden markerer vi med tommelen. Deretter flyttar vi blyanten til ei ny linje, og målar den relative lengda vha det første målet vi tok. Vi kan også måle vinkelen ei linje dannar med horisontalen eller vertikalen. Ved å halde blyanten horisontalt el vertikalt og rette den mot den eine enden av ei skrå linje, kan vi klare å finne ut vinkelen mellom linja og blyanten. Vinkelmålet kan så overførast til ei teikning, ved at vi brukar kantane på teiknearket som horisontale eller vertkale referanselinjer. (Kjelde: Tegning, Francis D.K. Ching, Cappelens, 1994)

Å tegne er å se
Eg lånte også ei bok som eg vart svært inspirert av, som på norsk heiter: Å tegne er å se (Betty Edwards, Grøndahl Dreyer, 1992). Denne har eg lest i og jobba ein heil del med. Forfatteren seier mellom anna i føreordet sitt at «alle» kan lære seg å teikne. Dette har eg høyrt mange sei før ho, men eg har aldri riktig trudd på det. Men no – etter å ha lese ca 1/4 av denne boka – trur eg kanskje forfatteren kan ha rett i det ho seier. Ho viser dette mellom anna med å presentere før -og no-teikningar av teiknelevar ho har hatt opp gjennom åra. Og resultata ho viser til er faktisk ganske imponerande. Så til alle dei som sjølv meinar dei høyrer til i «Eg-kan-ikkje-teikne»-kategorien; LES DENNE BOKA! Eg trur kanskje det er håp! Men – det krev øving, øving og atter øving. Men slik er det vel med det meste ein føretek seg? Dei aller fleste må bruke tid på å tileigne seg heilt nye teknikkar og ferdigheiter. Problemet er at mange gir opp under vegs -før dei er komne på eit nivå reint teknikkmessig der ein ser at øvinga gir resultat.

Ekskursjon til Sogn Folkemuseum – De Heibergske samlinger

april 25, 2010 § Kommenter innlegget

Torsdag 22. april var klassen på eksursjon til De Heibergske samlinger ved Sogn Folkemuseum. Konservator Anna Avdem heldt ei lita innleiing, der ho mellom anna fortalde litt om korleis museet vart stifta. Ho presenterte to bøker for oss som ho anbefalte spesielt: Levd Liv (som ho er medforfattar på) og ei bok skrive av Eilert Sundt som heiter Handverkstradisjoner i Norge – verker i utvalg.
Avdem fortalte kort om Gert Falck Heiberg, som samla inn og katalogiserte alle gjenstandar som i dag Sogn Folkemuseum er eigar av.

Deretter gjekk vi til Undredalsstova, som er ei røykstove frå 1736. Dette er det eldste huset som framleis er bevart frå Undredal. Den vart flytta frå Undredal til Kaupanger i 1903, då godseigar Gert Falch Heiberg kjøpte stova til museet. Dette var opphaveleg ei lensmannsstove.
Røykstova har ei oppbygning som er svært lik årestova, ein bygningsform vi forbinder med mellomalderen. Her er grunnplanet delt inn i gang, kove og stove med opning heilt opp til taket med ljore i mønet. Medan årestovene har open eldstad midt i stova, har røykstovene røykomn med skorstein og peis i hjørnet. Vi fekk ei lita føreslesing i korleis stova var bygd; både lafteteknikk og stavbygg i eitt og same bygg, noko som var svært uvanleg i følgje Avdem. Stavbygg er en eldgammel byggemåte, antagelig eldre enn lafting. Prinsippet er at stavbygg har ståande bærekonstruksjon og laftebygg har liggande.

Avdem fortalde også om kva «verneteikn» ein brukte på den tida. Utgangspunktet var ei gamal vogge som hang frå taket, og som hadde eit kors rissa inn på eine kortsida. Dei mest vanlege verneteikna var korset og 8-bladrosa. Det var heller ikkje uvanleg å legge ei sølvskei eller ei salmebok oppi vogga saman med barnet. I dåpskjolen var det også vanleg å sy fast ein sølvmynt til vern mot tussar og troll.

Til slutt hadde vi ei lita omvising inne, der vi gjekk gjennom nokre av utstillingane.

Ideane mine i høve presentasjon/montasje av bygningane

april 22, 2010 § Kommenter innlegget

Fram til i dag, har eg slite med å bli heilt einig med meg sjølv på korleis eg skulle løyse oppgåva i høve pkt 3, der vi skal lage ei montasje/presentasjon av minst fem bygningar vi har valt oss ut, saman med ein kort presentasjon om kvar av dei.

Eg tenkte først at den presentasjonen eg har gjort her i bloggen min kunne definerast som ein digital presentasjon. Ved nærmare ettertanke og gjennomsyn, ser eg at den presentasjonen eg har gjort i bloggen er for generell, og at den ikkje tek godt nok og systematisk nok for seg dei formalestetiske verkemidla/ kjenneteikna knytt mot dei ulike stilartane.

Eg har difor no gjort eit utval av seks ulike bygningar, som eg håpar at eg har plassert «rett» i høve stilart. Det eg tykkjer har vore vanskelegast, er å klare å plassere dei i ein bestemt stilart som samsvarer med alle klassiske kjenneteikn for stilarten. Dei fleste hus endrar seg gjennom åras løp; nokre endrar litt på fasaden eller skiftar ut dør/vindauge som ikkje alltid samsvarer med opprinneleg stil. Nokre hus har kjenneteikn frå fleire ulike stilartar. Slik var det før, og slik er det i dag.

I Florø, der eg har teke mine foto, var det bygd berre nokre få hus før byen vartr grunnlagt (1860). Det har difor ikkje lukkast meg å finne noko bygg som er fra før denne tida. Fleire av dei bygga eg har valt meg ut, er bygd i om lag same periode. Likevel er dei svært ulike eksteriørmessig. I staden for å vere bombastisk og setje dei fem husa inn i ein (1) bestemt stilperiode, har eg valt å kommentere dei stiltrekka eg finn, med utgangspunkt i den kunnskapen eg har tileigna meg og som eg finn i kjeldene mine.

Eg har laga presentasjonen min i Power Point. Eg hadde først ein ide om at eg ville skrive ut arka på overheadark, fordi eg tenkte at eg då kunne bruke dei seinare ein gong til å legge direkte på overheaden i samband med undervisning.

Vidare hadde eg tenkt å montere dei fast med dobbeltsidig tape til ein bobleplast som på førehand var montert på ei blindramme. Då eg tok ei prøveutskrift i kveld, såg eg at fargane og teksten ikkje kom tydeleg nok fram. Fargane vart for blasse og flaut ut over. Eg må difor tenkje meg litt meir om før eg bestemmer meg for formatet.

Eg tenkte å levere dette arbeidskravet digitalt no i første omgang. Då får eg litt betre tid til å jobbe med/tenkje ut nye idear til montasje fram mot eksamen.

Å bygge ein modell etter målestokk

april 21, 2010 § Kommenter innlegget

Eitt av punkta i arbeidskravet i arkitektur, er å lage ein modell i gjenbruksmateriale av eitt av husa vi har fotografert.

Typisk funkishus frå 30-talet

Sidan eg aldri har bygd modell av hus tidlegare, bestemde eg meg for å prøve dette ut på eit hus som eg trudde kunne vere «overkommeleg», sett frå min ståstad. Valet falt på eitt av funkishusa med flatt tak.

Målet mitt var å bygge dette huset i ein målestokk som eignar seg i undervisningssamanheng, og som gjorde meg kjend med målestokkbegrepet slik at eg kan bruke det i eiga undervisning. I følge arkitekt Gunnar Hageberg, som hadde ei undervisningsøkt for oss i samband med studiet tidlegare i vår, er det viktigaste å tenkje på når ein bygger modell med elevar i skulen at det må gjerast så enkelt som mogleg og utan at det treng koste så mykje. I praksis vil det seie å bruke det ein har for hand, gjerne brukt emballasje – både plast og/eller papir/kartong, isopor, skumgummi evt anna materiale som likevel er på veg til avfallsdunken.

Eg starta med å sjå nøye på fotoet/skissa av huset, for å få idear til kva emballasje som kunne brukast. Deretter fann eg fram ein del materiale som kanskje kunne eigne seg til gjenbruk.

For å finne ut kva målestokk eg skulle velje, ville eg først skjære ut ein menneskeskikkelse i papp, 180 cm høgde. Eg lagde ein liten trekant/pappbit som hella svakt bakover, slik at figuren skulle stå stødig. Menneskefigurane er svært viktige i modellbugging, for å danne seg eit inntrykk av dimensjonane. Dette er enkelt å lage og i tillegg veldig effektfullt. I målestokken 1:20 vart dette ein pappperson på 9 cm. Deretter lagde eg ein tilsvarande modell i målestokk 1:50. Personen vart 3,60 cm. Med dei to figurane ved sidan av kvarandre, var det lett å sjå at ein bygning 1:20 målestokk ville bli svært stor å bygge. Eg valde difor å bygge i mlestokken 1:50, sidan eg også visste at 1:50 ville bli meir handterleg, ikkje minst med tanke på oppbevaring og frakting av modellen.

Utstyr eg hadde bruk for
Skarp tapetkniv, skjæreunderlag, limpistol, tape, «vanleg» skulelim, blyant, viskelær, lang linjal

Val av gjenbruksmateriale
Veggar og tak: Kartong av store pizzaøskjer (NB…eventuelle ketsjuprestar må vaskast bort før bruk).
Takpapp: Brunt sjokoladepapir
Luftekanalrom på tak: lita sjokoladeplastøskje
Pipe: innsida av juicekartong (foliert med alu-folie).
Trapp: Rosa skumgummi:-)
Søyler til inngangsparti: Grillpinnar
Buske (utanfor huset): Plastemballasje

Arbeidsprosessen
Eg rekna ut høgd og lengd på huset, slik at det vart i målestokken 1:50. Deretter markerte eg etasjeskilja med blyant. Vindauga vart teikna på før eg skar dei ut. Eg lagde meg ein mal som eg skar etter. Når ein skjer, er det viktig å halde kniven så flatt som mogleg. Det også lettare å skjere om ein lagar eit styrekutt først, for så å finne finne «sporet» og kutte litt hardare. Dei ulike delane til taket lagde eg som ein eigen liten modell. Eg skar til gesimsen (dvs det flate partiet på taket), limte på sjokoladepapiret (som har funksjon som takpapp), sette på pipe og ventilasjonsrom.
Då eg prøvde å setje dei ulike delane oppå kvarandre før eg skulle lime alt saman, såg eg at gesimsen var laga i heilt feil målestokk (1:25), dvs den var blitt alt for stor. Eg måtte difor kutte av halvparten av gesimsen før eg limte den saman med dei fire ytterveggane. Til slutt lagde eg trapp og inngangsparti.

Eg brukte limpistolen mykje då eg sette saman dei ulike delane. Men obs obs! Limpistol og skumgummi/plast er ingen god kombinasjon. Dette fekk eg erfare då eg skulle lime trappa til husveggen:-( Det endte med at eg måtte lage ei heilt ny trapp.

Dette er heile prosessen med bygginga av modellen min vist i bilder:

This slideshow requires JavaScript.

Evaluering av prosessen
Eg følte at eg var på svært utrygg grunn då eg starta opp med dette arbeidet, fordi eg aldri har vore i nærleiken av å gjere noko liknande tidlegare. Det mest utfordrande har vore målestokken og arbeidet med å få alt i rette proporsjonar.
Det har vore eit pirkete og tidkrevjande arbeid, men til gjengjeld tykkjer eg at det har vore svært lærerikt og kjekt.

Idear til bruk i skulen
Det er viktig at vi som lærarar har sjølv har prøvd ut og veit at vi meistrar å bygge modellar av hus, før vi set i gang med liknande aktivitet i eiga undervisning. I LK-06 under kompetansemåla for arkitektur, står det at elevane allereie etter 2. årstrinn skal kunne lage enkle modellar av hus i naturmateriale. Etter 7. trinn skal dei kunne bygge modell av hus i målestokk med utgangspunkt i eigne arbeidsteikningar, og etter 10. trinn skal dei kunne klare å bygge og teste bærande konstruksjonar i ulike materiale.

Det er lurt om læraren har med seg ein sjølvlaga modell ved igangsetjing av eit slikt prosjekt (modellen bør ikkje vere altfor komplisert konstruert). Modellen kan fungere som inspirasjon. For å få maks utbytte av opplegget, kan ein alliere seg med matematikklærar (om ein ikkje underviser i matematikk sjølv) og lage eit tverrfagleg opplegg i matematikk og kunst og handverk, med målestokk, måleeiningar mm, cm, m, areal og/eller geometri.

Det er mange måtar å angripe dette på. Ein måte er til dømes å la elevane starte med å måle opp sitt eige rom heime, lage ei skisse og finne ut kor stort det er i ein gitt målestokk. Det kan vere lurt å starte med målestokk 1:100 -som betyr 1 cm på teikninga og som er 100 cm, eller 1 meter i verkelegheita. Deretter kan elevane rekne ut arealet av rommet, og teikne det opp i full målestokk, enten ute på skuleplassen med pinne i grus eller krit på asfalt, evt inne. Elevane kan jobbe aleine eller i grupper, men sidan modellbygging er ein aktivitet der ein må jobbe problemløysande, trur eg at læringsutbytet vil bli størst ved å jobbe i grupper.

Dette kan også integrerast i eit større undervisningsopplegg, til dømes slik vi har gjort på dette studiet med å ta foto av hus i nærmiljøet, teikne/male husa, for så å finne kjenneteikn frå ulike stilartar. I teikne/maledelen, kan ein ha ei eiga økt med perspektivteikning, fordi målestokken også er viktig når ein teiknar. Dette kan knytast til kompetansemål i LK06. I perspektiveikning ser vi at det er progresjon i teikne-aktivitetane. Etter 2. trinn skal elevane kunne teikne hus rett forfra og frå sida (sentralperspektivet). I 4. trinn skal dei kunne teikne hus og rom sett ovanfra(fugleperspektiv eller trepunktsperspektiv), rett forfra og frå sida (skråperspektiv). Når dei er komne til 10. trinn må dei kunne teikne både hus og rom i topunktsperspektiv.
Eg trur det er viktig at elevane får øve seg på å lage skisser av hus, samstundes som ein jobbar med perspektivteikning. Eit tips er å gå ut i lokalmiljøet med blyant og skisseblokk. Ein kan starte med enkle øvingar, knytt mot enkel teori om perspektivteikning. Boka Perspektivtegning – i billedkunst og arkitektur (Jon Aspeggen, Abstrakt forlag AS 1998) gir ei grunnleggande innføring i perspektivteining.

Det finst fleire gratis undervisningsopplegg på internett om arkitektur i skulen og modellbygging. Mellom anna har Sintef-byggforsk laga eit opplegg som eg ikkje sjølv har prøvd ut, men som eg tykkjer virkar bra. I tillegg har Bolig ABC– laga hefter som undervisningsopplegg om arkitektur.

Google Sketchup er ei programvare som kan lastast gratis ned frå internett. Eva Bratvold har lagt ut eit innlegg på bloggen sin, med ein liten instruksjonsvideo som viser korleis ein kan bruke dette programmet i skulen i samband med modellbygging digitalt.

Perspektivteikning

april 20, 2010 § Kommenter innlegget

Det å teikne hus og rom i ulike perspektiv står nemnt under alle årstrinn i kompetansemåla for Arkitektur i kunst og handverk i Kunnskapsløftet (LK-06).

Eg har under laga ei lita oversikt/gjort greie for nokre sentrale omgrep som vert nytta i samband med perspektivteikning.

Når ein snakkar om perspektiv er det linjeperspektivet ein meinar når ein snakkar om bldeframstillingar av den tredimensjonale verkelegheita vår.

Linjeperspektiv er basert på geometriske lover. Det er viktig er å utvikle ei forståing av perspektivet sine grunnleggande prinsipp, som gjer det mogleg å teikne frihandsperspektiv.

Vi skil mellom bildeplanet og grunnplanet.

Horisontlinja løper vannrett tvers over bildeplanet i tilskodaren si augehøgde. Den vil med andre ord forandre seg, avhengig av om vi sit står eller ligg. Denne kan fungere som ei hjelpelinje når vi teiknar, og går tvers over arket.
Dersom to parallelle linjer går innover i bildeflata vil avstanden mellom dei minke, og det ser ut som dei går heilt saman. Om dei går over i det uendelege (dvs møtest midt på arket), seier vi at dei møtest i forsvinningspunktet.

Eittpunktsperspektiv
Dersom hovedsynslinja står vinkelrett på ei av sidene i ei kube, vil dei vertikale og horisontale linjene som er parallelle med planet framleis vere vertikale og horisontale. Vi kallar det for eittpunktsperspektivet eller sentralperspektivet når desse linjene ser ut som dei løper saman i hovudpunktet.

Topunktsperspektiv
Om vi ser kuba på skrå, medan hovudlinja framleis er horisontal, vil dei vertikale linjene framleis vere vertikale. Men – det ser ut som om dei horisontale linjene som står skrått i bildeplanet løper saman i ei gruppe mot venstre og ei mot høgre. Dette kallar ein for topunktsperspektivet eller skråperspektivet.

Trepunktsperspektivet
Ved å vippe kuba ut av grunnplanet, eller om vi flyttar hovudsynslinja for å sjå opp eller ned på kuba, vil dei tre gruppene parallellinjer stå skrått på bildeplanet og sjå ut som om dei løper saman i tre ulike forsvinningspunkt. Også kalla trepunktsperspektivet- eller fugleperspektivet.

Kjelder. http://www.abstrakt.no/index.asp?id=26647
Ching, Frances D.K: Teikning, Cappelens forlag, 1990

Å ta blyant og skisseblokk med seg ut i lokalmiljøet og teikne hus, kan vere ein fin måte for elevane å gjere seg kjend med og bevisstgjere seg kva bygningar som finst i nærmiljøet. Elevane får samstundes øve opp teikneferdigheitene sine, og gjere seg erfaringar i høve form og proporsjonar. Å teikne det ein ser, vil seie å gjere observasjonar som vert hugsa. Dette er viktig for å kunne setje kunnskap inn i ei tidsramme. Mest truleg vil elevane sjå samanhengar langt tilbake i tid og til notidas moderne liv. Denne viktige kunnskapen kan også nyttast inn mot andre fag/fagområde enn Kunst og handverk, til dømes samfunnsfag. Å lage ei tidslinje, der ein set opp dei ulike stilartane i kunst-arkitektur-musikkhistoria, kan vere ein måte å starte eit slikt undervisningsopplegg på. Dette vil setje ting inn i ein større samanheng og truleg skape ei djupare forståing for kvifor ting er blitt slik dei er.