Treng refleksbrikker vere kjedelege og stygge?

mars 30, 2010 § Kommenter innlegget

Ein haug med refleksbrikker med logo som utgangspunkt

Dette har eg undra meg over i lang tid. Dei fleste refleksbrikker eg har sett finst i knall sjølvlysande fargar, med like sjølvlysande skrift, ofte i ein kontrastfarge og med ein firmalogo. Det vert hevda at bankane har skulda for at bruken av refleks har gått svært mykje ned dei siste åra.
Eg har mange gonger snakka om at eg godt kunne tenkt meg ei refleksbrikke som var meir gjennomtenkt i høve form/farge/estetikk.

Sidan eg tilfeldigvis nyleg har «arva» ein heil pose med sølvfarga refleksbrikker (og som i rettferdigheita sitt namn ikkje var av den aller verste sorten eg har sett), fann eg ut at eg ville prøve å setje dei saman slik at dei skulle bli meir tiltalande å sjå på. I tillegg ønskte eg å lage nokre brikker som ikkje var fritthengande, men som skulle kunne hengast direkte på ytterplagg med ei lita sikkerheitsnål (skjult på baksida).

Eg prøvde ut fem ulike design. Tre av dei var ikkje mogleg å henge sikkerheitsnål i direkte, så dei fekk ein forhldsvis kort tråd i staden. Dei andre to kan definerast meir som refleksbrosjer. Det vart naturleg å forme dei til blomar, sidan dei i utgangspunktet hadde ei bladform.

Eg har aldri tidlegare prøvd å sy i ei refleksbrikke med symaskin. Så eg bestemte meg for at eg ville prøve det ut.
Eg starta med å prøvesy med blå tråd i rettsaum heilt i ytterkanten av refleksbrikka. Eg heldt fram med dei andre tre, og sett dei til slutt saman til ein liten blome. Og jammen var det kjekt å sy når det gjekk så leikande lett som dette:-)

Slik vart dei ulike utprøvingane mine:

Fem ulike refleks Redesign

Utprøving i ReDesign med gamle nøkkelband

mars 30, 2010 § Éin kommentar

Utgangspunktet for denne utprøvinga var at ein kollega av meg fann ein haug med gamle raude nøkkelband som var på veg opp i bosskorga. «Stopp! – ropte eg – dei kan kanskje brukast til noko!». Kollegaen min stod att som eit stor spørsmålsteikn, då eg for av gårde med alle banda:-)

Raudt nøkkelband som ventar på eit nytt liv

Banda er vevd i eit slitesterkt materiale, og er 1,5 cm breie, 1 mm tjukke (dvs flate). Dei har trykt påskrift/logo i knall gul mot den raude botnen. I enden er det ein klipssak i plast.

Slik gjorde eg:
Eg starta med å fjerne banda frå klipsen, slik at dei vart i ei heil lengd, ca 30 cm kvar. Klipsa la eg til sides. Kanskje dei kan komme til nytte seinare ein gong? Eg la alt saman ut over bordet, og starta med å flette dei saman, slik dei tradisjonelle julekorgene vert fletta. Banda var ganske glatte på overflata, og glei litt frå kvarandre etter kvart som eg fletta. Dette løyste eg ved å smørje på litt Prittlim på baksida som heldt det heile saman.

Slik såg det ut då alt var fedig fletta:

Ferdig fletta nøkkelband

Fletta nøkkelband - bakside

Kva kan ein lage av dette då?
Det første som fall meg inn, var å lage ei lita brikke/duk. Då kunne eg sett på skråband og blitt «fort ferdig». Men eg tenkte at eg ville prøve å lage noko litt meir avansert, slik at eg fekk prøvd ut fleire teknikkar i meir utradisjonelt materiale. Eg teikna ulike skisser i sketchboka mi; pennalhus, symappe, lita lommebok, veske, men landa til slutt på at eg ville lage toalettveske/mappe.

Sying av toalettveske
Eg starta med å stryke fliselin på baksida av stoffstykket eg hadde «vevd», for at det ikkje skulle gli frå kvarandre mens eg sydde.

Ei toalettveske bør ha eit for, aller helst eit som er vanntett, sidan ei toalettveske ofte inneheld flytande væsker. Eg leita gjennom alle mine mange stoffbitar, men fann ingenting som passa. Inntil eit noko utradisjonelt matriale dukka opp i garasjen; nemleg ein US MAIL postsekk i eit plastliknande «stoff», som såg ut som den hadde vevde trådar inni plasten.

Gamal postsekk US MAIL skal bli toalettveskefor


Den såg både slitesterk og funksjonell ut, så den fann eg ut at eg ville bruke.
Det raude stoffstykket vart brukt som mal, og plastforet vart klypt til slik at det passa. Eg lot det stå att to cm som eg ville brette ned i forkant av rettsida, slik at eg slapp å sy på band i kanten oppe på langsida.

Kva med innvendige lommer då?
Ei toalettveske bør etter mi meining også innehalde fleire lommer til oppbevaring av «småputl».

Lomme nr 1: Eg klypte ut ei passande stor lomme av postsekk-plasten, og sydde på ein borrelås på den eine sida, og limte på ein borrelås (som hadde påført ferdig lim) på den andre. Den limte veldig godt på plasten, slik at eg slapp å sy den fast. Deretter sikksakka eg lomma fast til plasten, med lange tette sting.

Innvendig lomme laga av plastsekk


Lomme nr 2: Eg fann ei plastveske som det hadde vore Bjørn Borgtruser i, som hadde ein liten hengar på kortsida, og ein snerten lukkemekanisme på langsida. Denne passa «som hånd-i-hanske». Eg lagde eit lite hol og sydde knapphol med symskina som skulle passe til hengaren, og sydde nokre få rettsaumsting i plasten for å halde det heile på plass inne i veska.

Bjørn Borg-plastveske kjem til nytte

Til slutt sikk-sakka eg dei to sidekantane, slik at begge «stoffa » vart meir stødige å sy i.

Dekoren på toalettveska fann eg også på postsekken. Eg klypte ut eit stort 3-tal som eg applikerte på det raude stoffet med tett sikksakk i same farge. I tillegg applikerte eg på inskripsjonen: WEIGHT LIMIT som eg la horisontalt. Eg klypte til slutt ut ein tal og bokstavkode som eg applikerte vertikalt på stoffet.

Dekor framside av toalettveske

Det var overraskande lett å sy gjennom både plasten og det raude stoffet. Eg brukte ei forholdsvis tunn nål (70), og syntetisk tråd.

Men korleis sy dette saman då?
Det enklaste ville vært lagt å legge stoffet retta mot retta, og sydd ned dei to sidene. Men – dette ville ha gitt for lite volum i veska. Eg valde difor å sy ekstra » sidekantar i plast for å skaffe meir rom i veska.

Desse vart sikksakka på, og klypt ned øvst i kanten. Deretter kanta eg sidene med nøkkelband, som eg la rundt saumrommet. Eg sydde først med rettsaum, men dette vart ikkje spesielt fint, difor sydde eg over i etterkant med tett sikksakk.

Eg fann til slutt ein gamal raud glidelås som passa akkurat i opningen til veska. Denne sydde eg på med glidelåsfot og rettsaum. Dessverre var ikkje glidelåsen open i begge endar. Dette førte til at eg sleit med å få festa den skikkeleg fast, fordi eg ikkje kom til med symaskina. Dette vart eit stor utfordring, som til slutt måtte løysast ved hjelp av håndsaum. Det aller siste eg gjorde var å ta eit nøkkelband og spenne rundt heile veska, slik at eg festa med klipsen på baksida. Eg sydde det fast til baksida av stoffet.

Den ferdige veska vart slik:

Ferdig toalettveske - framside

Ferdig toalettveske - bakside

Ferdig toalettveske - bakside

Ferdig toalettveske - sett ovanfrå

Applikasjon på dongeri krev presisjon og tålmod

mars 30, 2010 § Éin kommentar

Det fekk eg erfare då eg skulle applikere figurane til vognteppet med symaskin. Sidan symaskina mi enno ikkje har komme seg til att etter havariet for eit par veker sidan, måtte eg låne symaskin av ei venninne. Denne var litt annleis enn mi eiga, så eg måtte ta ein liten time med eigenopplæring før eg sette i gang. Det er alltid nyttig å prøve nye maskiner.

Eg prøvde først ut ein litt stor applikasjon på ein prøvelapp, med eitt lag dongeristoff. Eg brukte jeansnål, som er ei spesialnål som er konstruert for å sy på dongeri. Det fungerte supert. Eg prøvde ut ulike stinglengder/breidder for å finne den «rette» som passa til dei figurane eg skulle applikere. Eg leika meg litt , og lagde ulike monogram på dongeri.

Utprøving monogram på ulike typar dongeristoff

Eg hadde på førehand overført flisofix til figurane, og desse var limt fast til dongerien, slik at figurane skulle ligge stødig under syinga. Då eg var klar for å sy figurane på sjølve vognteppet, merka eg at det var forskjel på å sy i to lag stoff og fire lag. Den største utfordringa var å sy på figurar som var plassert oppå lommer.

Applikering på dongerilomme er ikkje lett...

3 nåler brakk tvert av, og eg måtte ta opp att nokre gonger før eg kunne sei meg nokonlunde nøgd med syinga.

Ferdig applikert vognteppe

Eg valde å sy med ein syntetisk sytråd i ein farge som var så lik den opprinnelege fargen på figuren som mogleg, slik at dei svarte konturane på figurane skulle komme tydeleg fram. Sidan eg valde å applikere rett oppå eit eksisterande vognteppe, måtte eg ta med på kjøpet underlaget var forholdsvis glatt å sy på , og at underlaget var litt skeivt i utgangspunktet.

Bakside vognteppe før montering av forstoff

Før foret kunne syast fast til teppet, ville eg lage eit monogram på teppets baksidestoff. Eg brukte same applikasjonsteknikk som på teppets framside.

Applikert monogram - bakside

Foret sydde eg til slutt på «for hand» på baksida av vognteppet med «prikkesting»/skjult applikasjonssaum. Dette er ein saumtype som eignar seg godt ved handapplikasjon. Eg la foret ca to mm frå innerkanten, og sydde foret fast med ei tunn synål. Eg valde å ikkje ha stive blonder inn øvst mot babyen sitt andlet. Desse var på førehand sydd inn i sjølve teppet.

Teppet har fått to funksjonar
Først og fremst er det eit vognteppe. Men – i vogna ligg babyen kanskje berre eit lite halvår, før sportsvogna overtek. Dette er forholdsvis kort brukstid for eit så omfattande stykke arbeid. Eg fann difor ut at eg ville lage teppet slik at det kunne brukast som veggteppe på barnerommet når babyen ikkje lenger brukar vogna.
Eg tok utgangspunkt i linningen på ei av dei gamle dongeribuksene, klypte den til slik at den vart skrå midt bak.

Gamalt belte blir til teppeoppheng


Eg lot det stå att ca fem cm på kvar side, som eg bretta bak. Sydde «godt ned» med sikk-sakksting på symaskina slik at det ikkje skulle bli for tjukt.

Ferdig ReDesigna teppeoppheng med trykkknappar

Deretter sydde eg på trykknappar, slik at opphenget kan kneppast på når vognteppet skal bli til veggteppe. Eg fann til slutt eit gamalt belte som var gått i oppløysing. Dette klypte eg av, og limet saman med tekstillim.
Slo i tre nye hol på venstre side, og tredde det gjennom beltestroppa i linningen. Dermed fekk teppet ein fin heilskap over seg; dvs opphenget «snakka» med resten av teppet.

Evaluering av arbeidsprosessen:
Det har vore svært arbeids- og tidkrevjande å ReDesigne dette teppet. Eg torer nesten ikkje tenkje på kor mange timar som har gått med til dette arbeidet. Eg har teikna ulike skisser med løysingsforslag i sketchboka mi, og eg har prøvd ut ulike saumteknikkar på prøvelappar. Eg har teikna ulike mønsterdelar, prøvd ut ulike «mønster», og forkasta ulike forslag. På Nasjonalgalleriet si nettside, fann fann eg eit foto av eit teppe som var enda eldre enn mitt utgangspunkt. Dette har også vore med på å inspirere meg. Eg har også sett på andre produserte vognteppe via ulike sider på internett. Men – hovudideen og Designet på dette teppet er mest min eigen.

I sjølve arbeidsprosessen har det for meg vore viktig at arbeidet er nøyaktig utført. Difor har eg også vore flittig med sprettekniven. Feil eller unøyaktigheiter ville i så fall berre «lyst» rett i mot den som ser på. Sidan teppet skal ligge på ei vogn, må ein forvente at mange vil komme til å studere både det og den nye verdsborgaren. Sidan dette teppet også har stor affeksjonsverdi, tykkjer eg ikkje at det gjer så mykje at det følgjer med små «skjønnheitsfeil» som har følgt med frå det gamle frå 1964. Sidan eg valde å bruke det gamle vognteppet frå 1964 som mal for det ReDesigna teppet, er nemleg ikkje teppet hundre prosent kvadratisk. Sjarmerande er vel det rette ordet for det, tykkjer eg.

Alt i alt er eg veldig nøgd med det ferdig ReDesigna produktet mitt, og eg gler meg til å gi det i gåve til bror min og svigerinna mi. Eg håpar at dei ser symbolverdien i det, og får eit like sterkt forhold til dette teppet som eg sjølv har fått gjennom å skape det.

Har eg så løyst ReDesign-oppgåva?
Hovudmålet mitt har vore å lage eit vognteppe som skulle ta opp i seg element både av det gamle og det nye/moderne. Valet mitt av tekstilar /stingtypar er eit resultat av dette. Delmåla har vore å lage eit teppe som har affeksjonsverdi/som uttrykkjer noko. Då eg kom over T-skjorta med figurane og den spanske teksten, berre «måtte» dette høyre saman med vognteppet. Teksten betyr (oversett frå spansk): Ein engel har falle over meg, eller på godt norsk; Å få noko frå oven». Dette passa jo så utruleg godt med tanke på kven mottakar er. Eit anna delmål har vore å prøve ut teknikkar/materiale som eg sjølv ikkje har vore borti før. Eg hadde ikkje prøvd å applikere på dongeri tidlegare, og tenkte at dette måtte vere eit «typisk» ReDesignmateriale til skulebruk og ein teknikk som kan nyttast på ulike trinn. Det var difor interessant for meg å få teste ut korleis applikasjon på dongeri fungerte, og reflektere over evt bruk av applikasjonssaum i skulen. Eit anna delmål var å lage eit teppe som var funksjonelt.

Vognteppet er så godt som 100 prosent ReDesigna. Det er berre sytråden og foret inni som er heilt nytt. Eg har brukt følgjande produkt som utgangspunkt for å designe (ReDesigne):

1) Gamalt vognteppe frå 1964

Utgangspunkt - vognteppe frå 1964


2) Gamle dongeribukser/skjørt frå tidleg 2000-tal

Gamle dongeribukser blir til vognteppe


3) Gamal T-skjorte med figurar frå Spania

Detalj frå T-skjorte


4) Gamal falma gardin (bakside/for) – sjå foto ovanfor
5) gamalt belte i skinn/plast til oppheng- sjå foto ovanfor

Applikasjon i skulen? Applikasjon er ein teknikk eg meinar eignar seg godt til bruk i skulen. Rett nok krev det presisjonsferdigheiter og tålmod, men ein kan starte med enkle øvingar for å øve opp ferdigheitene. Her kan ein øve seg på «enkle» materiale; til dømes starte med å sy i papir eller fastare tekstilar. Alternativt kan ein stryke på Flisofix eller Fliselin eller begge delar for å få tekstilane fastare. LK06 seier at elevane etter 4. trinn mellom anna skal kunne bruke enkle, hensiktsmessige håndverktøy i arbeid med tekstil, og dei skal kunne eksperimentere med enkle geometriske former i konstruksjon og som dekorative formelementer. Her kan elevane prøve ut ut ved å applikere enkle geometriske former på eit tekstilt underlag. Etter 7. trinn skal elevane kunne bruke symaskin og enkelt elektrisk håndverktøy i en formgivingsprosess (LK06). Elevane kan då prøve ut litt meir avsanserte applikasjonsteknikkar.

Eg har ikkje bestemt meg heilt enno -men det er store sjansar for at dette teppet havnar på eksamensutstillinga i mai for å få ei fagleg vurdering:-) Eg kjem til å ei endeleg avgjerd på dette i løpet av påska, etter at eg har fått prøvd ut dei aller siste ideane mine.

Å jobbe med Cernitleire

mars 25, 2010 § Kommenter innlegget

Eg har tidlegare jobba ein del med cernit-/fimoformleire. Denne leira er enkel og spennande å jobbe med, og passar både for vaksne og barn i alle aldrar. Det er ein aktivitet som ikkje krev særlege forkunnskapar, og ein kan drive med det heilt ned på dei lågaste klassetrinna.

Utstyr: Det ein treng av utstyr i tillegg til leira, er ein vanleg steikeomn (leira steikast på 80 grader, i ca 20-25 min). Ein kan også bruke enkle reiskapar for å lage hol/mønster i leira, til dømes ein streng, tunn pinne, gaffel el fyrstikker, evt ein modelleringskniv. I tillegg kan det vere greitt å ha kjøpt inn nokre meter med skinnreim om ein ønskjer å lage smykke.

Kostnad: Cernitleire er eit dyrt materiale å kjøpe inn, dersom ein skal bruke store mengder av det. Men – som oftast er det berre små mengder som skal til for å lage til dømes eit anheng til eit smykke eller øyredobbar.

Her er nokre døme på ting eg sjølv har laga av slik leire:

Fleire utprøvingar ReDesign smykke

mars 22, 2010 § Kommenter innlegget

Dei siste par dagane har eg har eg vore i skikkeleg smykkelagingsmodus. Eg fann ut at eg ville prøve å lage fleire smykke der eg kombinerte harde og mjuke materiale. I LK06 under kompetansemål i Design står det at elevane etter 7.-klasse skal kunne bruke ulike sammenføyningsteknikker i harde og mjuke materiale. Eg bestemte meg for å sjå om eg kunne lage noko i smykkedesign -med kombinasjonen dongeristoff og harde materiale.

I verktøykassa mi fann eg ein del metallskiver (slike til å ha på baksida av ein skrue). Ei gamal badeveske som var begynt å falle frå kvarandre var eit anna utgangspunkt.

Utgangspunkt for utprøving - gamal badeveske

Dekoren på veska var sett saman av små utklypne blomstrar i dongeri, godt slitne, men tøffe. Desse hang på veska samanføyd med splittringar i metall.

Eg starta med å demonterte dei gamle splittringane, festa dei deretter til 5 metallskiver; ein splittring på kvar side. Eg festa så den gamle dongeriblomsten med ein splittring til metallstoppar nr 3. Deretter festa eg på eit kjede, og ein smykkelås.

Øyrepynt ReDesign - dongeri og metallskive


Deretter lagde eg øyrepynt på same måte, men med ei metallskive samanføya med splittring og dongeriblomst.

ReDesign smykke og øyrepynt i harde og mjuke materiale

Reiskapane eg brukte, var to tenger som eg opna og lukka splittringane med. Om eg hadde villa, kunne eg ha limt dongeriblomstrane saman med fliselin, evt kunne eg også ha sikksakka dei med maskinsaum.

Tanga er ein viktig reiskap ved smykkelaging

Denne aktiviteten er så pass enkel at eg trur den vil høve godt på mellomtrinnet/ungdomsskulen i samband med ei oppgåve i ReDesign.

Korg og metallskiver

Eg prøvde også ut om kork og metallringar i kobinasjon var mogleg å kombinere. Dette viste seg å vere vanskeleg, fordi korken sprakk då eg skulle lage hol til å feste splittringane i. Det er mogleg at korken ville ha vore meir medgjerleg om den hadde vore oppbløytt på førehand.

Utprøving med skinnreim i staden for splittringar

Smykke-ReDesign-utprøving

mars 18, 2010 § Kommenter innlegget

Å lage smykke i ReDesignveldig tykker eg er veldig spennande. Det mest utfordrande er å jakte jakte på detaljar/produkt som ein finn rundt seg som ein kan bruke.

Eg starta med å leite i ledningskuffa i huset. Der fann eg ein gamal mobilladar, ein telefonledning av den gode gamle svarte-med-krøll-sorten og ein gamal rull med kvit antennekabel (som eigentleg var gjort klar for bosset). I tillegg fann eg ein gamal høgtalarledning i raud/svart og ein grå internettkabel (som eg fekk vite etter at eg hadde klypt den opp – visstnok var heilt ok… hm…).

Smykke i ReDesign

Det første smykket vart til av svart telefonledning og kvit antennekabel. Eg tredde telefonledningen utanpå antennekabelen, kjøpte ein smykkelås på Sybui – og vips – slik vart det eit ferdig ReDesigna smykke, som eg faktisk godt kan tenkje meg å bruke til eit passande antrekk.

Den grå internettkabelen og ei metallfjør frå ei gamal skrivebordslampe passa også godt i hop. Sjå kva eg lagde av det:

ReDesign smykke

ReDesign smykke


Inni internettkabelen kom det til syne eit spekter av ulike små ledningar i ulike fargar. Eg klypte vekk den grå plasten – og avdekka eit nydeleg smykke. Eg tvinna dei ulike små ledningane saman, og tvinna til slutt den svart-raude antenneledningen utanpå. Som anheng valde eg å hekte på ein del av ein vinkork som eg hadde skore opp i tre mm tjukne. Eg hekta den fast med ein streng som var fora med kvit plast:

ReDesign armband

Nespressokapslane i lettmetall, finst i mange ulike fargar, avhengig av kaffitype.

Nespressokapslar

Eg klypte ut toppen på dei, lot det stå igjen eit par mm som kunne brettast inn under, og så klemte eg dei så flate som eg kunne få dei. Eg valde meg ut fargane lilla og grønt, og bestemte meg for å lage eit armband. Eg prøvde meg fram med ulike fargemønster, og endte opp med eit symmetrisk mønster (annankvar grøn og lilla). Eg limte kapslane på eit halvfabrikat armband. Resultatet vart eg veldig nøgd med. Dette er ein aktivitet eg vil tru eignar seg godt i skulen.

ReDesign ringar

Eg prøvde også ut ulike ReDesign som dekor på ferdig kjøpte ringar.
Her har eg leika meg og klypt ulike former i brukte Nespressokapslar, eggekartong, laminert Nespressokapsel.
Alt er limt på ringane med limpistol.

Her er ei utprøving eg gjorde av Nespressokapslar. Dei er klypt ut og limt på ei metallplate, laga til som ei brosje med lås på baksida

ReDesign Brosje - laga av Nespressokapslar

Symaskina mi rauk og må til doktor……

mars 17, 2010 § Kommenter innlegget

… og det heilt i innspurten på arbeidet med babyognteppet. Fortærande – spesielt sidan maskina var heilt ny – og sidan denne helga var sett av til å ferdigstille vognteppet i ReDesign. Maskina må no ein tur til Førde på «symaskinsjukehuset». Berre å krysse fingrane, og håpe at det raskt dukkar opp skyss. Ein tur på Foss ein kveld for å sy ferdig er alternativet.

Dette har eg fått gjort i helga: Overføring av dekor: Dei seks «englebarna» og tekstbobla vart overført til vognteppet med eit strykejarn. Eg hadde på førehand klypt ut flisofix og limt fast til figurane. I komposisjonen var eg oppteken av at figurane ikkje måtte spreiast for mykje ut over teppet; eg ønskte at dei skulle «snakke» mest mogleg i lag. Eg prøvde mange ulike komposisjonar med figurane. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å applikere figurane på teppet med tett siksaksaum, men fekk ikkje gjort dette pga maskina som streika. Sidan flisofixen ser ut til å lime svært godt, er det ikkje sikkert at det vert nødvendig å sy fast figurane i det heile. Det må eg ta ei ny vurdering på om ei stund.

Montering av for og forstoff: Eg hadde på førehand bestemt meg for at baksideforet skulle syast fast til sjølve vognteppet for hand. Årsaka til dette valet er at eg då følar at eg har meir kontroll med syinga, i tillegg til at det blir «finare». Eg kjem til å bruke sting som ikkje kjem til å vise (skjulte applikasjonssting).

For og forstoff til bakstykke vart klypt i kvar sine delar. Foret vart klypt slik at det låg ca 1/2 cm innanfor kanten på baksida. Bomullsforet klypte eg ut med 5 cm saumrom, fordi det skulle brettast rundt foret og over til baksida av foret. Eg klypte skrå hjørne, så ikkje det skulle bli så tjukt med stoff. Eg bestemte meg for å sy baksideforet fast til det tjukke forstoffet med kryssesting/oppleggssting slik at det skulle ligge stødig.

Arbeidsprosessen vist i bilder:

Tidkrevjande – men kjekt arbeid…

mars 9, 2010 § Kommenter innlegget

…å sy på alle lappane på babyvognteppet. Har brukt heile denne helga på å sy, ta opp att, sy, ta opp att…tråkle på att på nytt …sy litt til… osb… Fleire stader tok eg opp att tre-fire gangar før eg vart heilt nøgd.

Den største utfordringa vart – som eg trudde- å få sydd på alle lappane (som gjekk i ulike trådretningar) utan at dei vridde seg. Eg hadde håpa på at påtråklinga i forkant skulle hjelpe, og det gjorde det – men berre delvis. Ei anna utfordring var at nokre av lappane var i stretch-dongeri (nokre meir strech enn andre). Dermed drog stoffet seg ulikt- avhengig av kva type dongeristoff det var. Det kan vere lurt å tenke gjennom akkurat dette dersom ein skal bruke dongeri i ReDesign-oppgåve i skulen. Ein ting ein kan gjere for å få stoffet litt mindre «stretcha» og meir stødig å jobbe med for elevane, er å stryke fliselin på baksida av stoffet før ein startar å sy. Om ein har stretchsauminnstilling på symaskina (ein slags lukka overlocksaum) er denne super å bruke, fordi den gjer til at stoffet ikkje dreg seg så mykje. I tillegg gjer den overgangane mellom lappane både finare å sjå på, i tillegg til at dei klypte sidene ikkje vert så «bulkete».

Val av sting – og nåltypar
Sidan dette er eit teppe der eg har valt å sy dongerilappar oppå eit eksisterande teppe i eit syntetisk stoff, valgte eg å prøve ut nokre stingtypar på nokre lappar på førehand. Eg prøvde også ut ulike nåltypar; og hamna opp med Jeansnål str 100. Hovudregelen i val av nåler er at ein brukar tunn nål til tunt stoff og tjukk nål (ofe med litt lang spiss) til tjukke/kraftige stoff. Til skinn må ein bruke skinnnål, som skjærer gjennom stoffet medan ein syr. Ut i frå dette, valgte eg å bruke jeansnål som «hovudnål til dette arbeidet, sidan eg skulle gjennom både tre og fire lag stoff.

Eg valde å bruke både rettsaum, kombinert med sikksakksaum (som er den vanlegaste saumen til å applikere med) i tillegg til lukka overlock. Eg valte ulik stinglengd/breidde og ulik farge på tråden for å skape variasjon og spenning i lappemønsteret (eg veksla mellom mørk blå og gulbrun jeanstråd i overtråd, kvit i undertråd).

Slik gjorde eg: Eg starta med å sy fast lappane med rettsaum så tett inn til den eksisterande dekoren som mogleg(dvs ruta i midten og blondene på kvar side står vertikalt på det gamle vognteppet som eg valde å behalde). Eg sydde frå midten og ut over mot dei fire kantane, slik at ikkje teppet skulle vri seg eller lage eigne «lommer» i stoffet. Etter at alle lappane var sydd fast til dei to underlaga, tråkla eg ned blondekantane for å dekke over rettsaumen, og for at dei også skulle ligge pent. Blondene er også blitt ganske «rotne» etter år på loftet, og hadde nok også best av å bli sydd fast til underlaget. Her brukte eg lange sting på symaskina (stinglengde 5), og blank symaskintråd i overtråd (kvit i undertråd).

No står det att å stryke på dekoren som skal gjere teppet både meir » moderne» og litt friskare i fargane; dvs englebarna som eg tidlegare har klypt ut og limt flisofix på. Her må eg bruke litt tid for å lage ein komposisjon som eg er nøgd med. Eg har sju element som kan limast på. Eg må vurdere om eg skal velje alle, eller om eg skal plukke ut berre nokre av dei. Eg har også klypt ut eit litt tjukt vattinnlegg – som eigentleg er definert som veskefor-og eit baksidestoff i bomullssateng som matchar dongerien på framsida. Dette har ein gong vore ei gamal gardin (den er heilt falma på den eine sida og like fin på den andre). Begge desse to stoffa skal brukast til å fore teppet. Eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal vrangsy det, eller om eg skal sy det fast med hand. Så – det er enno ein del arbeid att før eg er heilt i mål. Men det nærmar seg no eit sluttprodukt.

Tråkling av lappar på vognteppe i ReDesign

mars 7, 2010 § Éin kommentar

Ferdigtråkla babyvognteppe

Jammen tok det si tid å tråkle på alle dei utklypte og fastnåla dongerilappane til det gamle vognteppet. Trur eg har brukt nærmare 3 timar berre på dette arbeidet. Men så trur eg at eg har att for det når eg skal begynne å sy med maskin. Tråklinga er viktig for at lappane ikkje skal gli når ein syr. Vridde lappar vil definitivt ikkje bli særleg vakkert. I tillegg til å tråkle alt fast til det gamle vognteppet, har eg også tråkla det heile fast til eit underlag i ubleika lerret, for å ha eit fast underlag å sy på.

Eg har også flytta om på nokre fleire lappar og frynsa opp nokre av kantane for å skape meir spenning i «mønsteret».

Planen er å sy både med rettsaum og siksaksaum i ulike stinglengder og med ulik stingbreidde. I tillegg har eg tenkt å variere mellom mørk blå syntetisk tråd (fordi den er meir slitesterk enn bomullstråd) og litt kraftigare gul/orange syntetsk tråd til å sy meir typiske enkle og doble dongeristikningar med.

Eg har sett av både laurdag og sundag til å sy, for dette veit eg kjem til å ta tid.

Eg gler meg no til å ta fatt på sjølve syinga:-)

Kreativ design -redesign

mars 4, 2010 § Kommenter innlegget

Where Am I?

You are currently viewing the archives for mars, 2010 at Heidis blogg i kunst og handverk.