Designoppgåve i kunst og handverk – ReDesign

Eit ferdig produkt som de kjøper/finner, skal bli til noko nytt ved å redesigne produktet. Kva type produkt du vel å bruke som startpunkt, bestemmer du sjølv. Det kan til dømes vere klede, lamper, vasar, møblar osb.

Punkt du må arbeide med og ta stilling til for å løyse oppgåva:
-Kva er design?
-Kva vil det seie å redesigne?
-Kvifor valgte eg dette produktet?
-Kva vil eg redesigne og kva mål vil eg ha for arbeidet mitt?
(hovedmål, delmål)

Det er viktig at du undersøker og tileigner deg kunnskap om tema som ein del av oppgåveløysinga. Dette vil innebære at du i tillegg til å kunne definisjonar på begrepa design og redesign, må skaffe deg kunnskap om ulike teknikkar og stilartar.

Designoppgåva skal løysast gjennom å arbeide i ein skapande og kreativ designprosess. Denne prosessen skal studenten dokumentere på ulike måtar. Studenten skal bruke sketchbok som metode for å dokumentere arbeidsprosessen.

Kriterier for oppgåva:
* Sketchbok som syner arbeidsprosessen frå start til slutt.
* Fleire ulike idear/forslag til løysingar på oppgåva (minst fire).
* Utprøving av fleire forslag/idear (minst tre).
* Skisser som syner ulike forslag på løysing av ferdig produkt (minst tre).
* Logg som er utført i bloggform
* Sjølve innhaldet i oppgåveteksten skal vere innfridd for at oppgåva skal bli sett på som løyst

Kommenter innlegget