Dei siste dagane …

mai 1, 2010 § Kommenter innlegget

…har eg brukt tida mi til å skisse/teikne fleire hus. Eg fekk nemleg tilbakemelding om at eg har utviklingspotensiale på dette feltet. Eg fekk tips frå faglærar om at eg burde bruke tida mi fram mot eksamen til å teikne meir, og helst fleire hus.

Å teikne er (dessverre) ikkje noko eg gjer til dagleg (og kan heller ikkje skryte på meg at eg gjer det særleg ofte). Dessverre har eg ikkje noko naturleg talent for teikning, og må difor gå den tunge vegen med å lære meg teknikkar for å bli betre. Eg fekk tips om å finne fram til blyantteikningar av hus, gjerne teikningar i barnebøker. Eg fann fleire fine bøker som eg no har studert, mellom anna ei fin barnebok av Ib Spang Olsen: Vi i veien vår. Spang Olsen har i denne boka mange flotte blyantteikningar av hus som er gode å teikne etter.

Å bruke sikteteknikk i frihandsteikning
Eg har dei siste dagane også brukt tid på å repetere kunnskap om sikteteknikk. Dette er ein teknikk som kan hjelpe oss med visuell bedømming, slik at dei tinga vi teiknar får riktig form og står i riktig storleiksforhold til kvarandre. Det einaste ein treng er ein blyant.

Slik gjer ein dette: Vi held blyanten på strak arm foran oss – i parallellplan med auga og vinkelrett på synslinja. På denne måten målar vi vinklane mellom linjene og dei relative lengdene. Når vi tek linjemål rettar vi spissen av blyanten mot den eine enden av ei linje vi ser. Den andre enden markerer vi med tommelen. Deretter flyttar vi blyanten til ei ny linje, og målar den relative lengda vha det første målet vi tok. Vi kan også måle vinkelen ei linje dannar med horisontalen eller vertikalen. Ved å halde blyanten horisontalt el vertikalt og rette den mot den eine enden av ei skrå linje, kan vi klare å finne ut vinkelen mellom linja og blyanten. Vinkelmålet kan så overførast til ei teikning, ved at vi brukar kantane på teiknearket som horisontale eller vertkale referanselinjer. (Kjelde: Tegning, Francis D.K. Ching, Cappelens, 1994)

Å tegne er å se
Eg lånte også ei bok som eg vart svært inspirert av, som på norsk heiter: Å tegne er å se (Betty Edwards, Grøndahl Dreyer, 1992). Denne har eg lest i og jobba ein heil del med. Forfatteren seier mellom anna i føreordet sitt at «alle» kan lære seg å teikne. Dette har eg høyrt mange sei før ho, men eg har aldri riktig trudd på det. Men no – etter å ha lese ca 1/4 av denne boka – trur eg kanskje forfatteren kan ha rett i det ho seier. Ho viser dette mellom anna med å presentere før -og no-teikningar av teiknelevar ho har hatt opp gjennom åra. Og resultata ho viser til er faktisk ganske imponerande. Så til alle dei som sjølv meinar dei høyrer til i «Eg-kan-ikkje-teikne»-kategorien; LES DENNE BOKA! Eg trur kanskje det er håp! Men – det krev øving, øving og atter øving. Men slik er det vel med det meste ein føretek seg? Dei aller fleste må bruke tid på å tileigne seg heilt nye teknikkar og ferdigheiter. Problemet er at mange gir opp under vegs -før dei er komne på eit nivå reint teknikkmessig der ein ser at øvinga gir resultat.

Kommenter innlegget

What’s this?

You are currently reading Dei siste dagane … at Heidis blogg i kunst og handverk.

meta