Smykke-ReDesign-utprøving

mars 18, 2010 § Kommenter innlegget

Å lage smykke i ReDesignveldig tykker eg er veldig spennande. Det mest utfordrande er å jakte jakte på detaljar/produkt som ein finn rundt seg som ein kan bruke.

Eg starta med å leite i ledningskuffa i huset. Der fann eg ein gamal mobilladar, ein telefonledning av den gode gamle svarte-med-krøll-sorten og ein gamal rull med kvit antennekabel (som eigentleg var gjort klar for bosset). I tillegg fann eg ein gamal høgtalarledning i raud/svart og ein grå internettkabel (som eg fekk vite etter at eg hadde klypt den opp – visstnok var heilt ok… hm…).

Smykke i ReDesign

Det første smykket vart til av svart telefonledning og kvit antennekabel. Eg tredde telefonledningen utanpå antennekabelen, kjøpte ein smykkelås på Sybui – og vips – slik vart det eit ferdig ReDesigna smykke, som eg faktisk godt kan tenkje meg å bruke til eit passande antrekk.

Den grå internettkabelen og ei metallfjør frå ei gamal skrivebordslampe passa også godt i hop. Sjå kva eg lagde av det:

ReDesign smykke

ReDesign smykke


Inni internettkabelen kom det til syne eit spekter av ulike små ledningar i ulike fargar. Eg klypte vekk den grå plasten – og avdekka eit nydeleg smykke. Eg tvinna dei ulike små ledningane saman, og tvinna til slutt den svart-raude antenneledningen utanpå. Som anheng valde eg å hekte på ein del av ein vinkork som eg hadde skore opp i tre mm tjukne. Eg hekta den fast med ein streng som var fora med kvit plast:

ReDesign armband

Nespressokapslane i lettmetall, finst i mange ulike fargar, avhengig av kaffitype.

Nespressokapslar

Eg klypte ut toppen på dei, lot det stå igjen eit par mm som kunne brettast inn under, og så klemte eg dei så flate som eg kunne få dei. Eg valde meg ut fargane lilla og grønt, og bestemte meg for å lage eit armband. Eg prøvde meg fram med ulike fargemønster, og endte opp med eit symmetrisk mønster (annankvar grøn og lilla). Eg limte kapslane på eit halvfabrikat armband. Resultatet vart eg veldig nøgd med. Dette er ein aktivitet eg vil tru eignar seg godt i skulen.

ReDesign ringar

Eg prøvde også ut ulike ReDesign som dekor på ferdig kjøpte ringar.
Her har eg leika meg og klypt ulike former i brukte Nespressokapslar, eggekartong, laminert Nespressokapsel.
Alt er limt på ringane med limpistol.

Her er ei utprøving eg gjorde av Nespressokapslar. Dei er klypt ut og limt på ei metallplate, laga til som ei brosje med lås på baksida

ReDesign Brosje - laga av Nespressokapslar

Symaskina mi rauk og må til doktor……

mars 17, 2010 § Kommenter innlegget

… og det heilt i innspurten på arbeidet med babyognteppet. Fortærande – spesielt sidan maskina var heilt ny – og sidan denne helga var sett av til å ferdigstille vognteppet i ReDesign. Maskina må no ein tur til Førde på «symaskinsjukehuset». Berre å krysse fingrane, og håpe at det raskt dukkar opp skyss. Ein tur på Foss ein kveld for å sy ferdig er alternativet.

Dette har eg fått gjort i helga: Overføring av dekor: Dei seks «englebarna» og tekstbobla vart overført til vognteppet med eit strykejarn. Eg hadde på førehand klypt ut flisofix og limt fast til figurane. I komposisjonen var eg oppteken av at figurane ikkje måtte spreiast for mykje ut over teppet; eg ønskte at dei skulle «snakke» mest mogleg i lag. Eg prøvde mange ulike komposisjonar med figurane. Eg hadde i utgangspunktet tenkt å applikere figurane på teppet med tett siksaksaum, men fekk ikkje gjort dette pga maskina som streika. Sidan flisofixen ser ut til å lime svært godt, er det ikkje sikkert at det vert nødvendig å sy fast figurane i det heile. Det må eg ta ei ny vurdering på om ei stund.

Montering av for og forstoff: Eg hadde på førehand bestemt meg for at baksideforet skulle syast fast til sjølve vognteppet for hand. Årsaka til dette valet er at eg då følar at eg har meir kontroll med syinga, i tillegg til at det blir «finare». Eg kjem til å bruke sting som ikkje kjem til å vise (skjulte applikasjonssting).

For og forstoff til bakstykke vart klypt i kvar sine delar. Foret vart klypt slik at det låg ca 1/2 cm innanfor kanten på baksida. Bomullsforet klypte eg ut med 5 cm saumrom, fordi det skulle brettast rundt foret og over til baksida av foret. Eg klypte skrå hjørne, så ikkje det skulle bli så tjukt med stoff. Eg bestemte meg for å sy baksideforet fast til det tjukke forstoffet med kryssesting/oppleggssting slik at det skulle ligge stødig.

Arbeidsprosessen vist i bilder:

Tidkrevjande – men kjekt arbeid…

mars 9, 2010 § Kommenter innlegget

…å sy på alle lappane på babyvognteppet. Har brukt heile denne helga på å sy, ta opp att, sy, ta opp att…tråkle på att på nytt …sy litt til… osb… Fleire stader tok eg opp att tre-fire gangar før eg vart heilt nøgd.

Den største utfordringa vart – som eg trudde- å få sydd på alle lappane (som gjekk i ulike trådretningar) utan at dei vridde seg. Eg hadde håpa på at påtråklinga i forkant skulle hjelpe, og det gjorde det – men berre delvis. Ei anna utfordring var at nokre av lappane var i stretch-dongeri (nokre meir strech enn andre). Dermed drog stoffet seg ulikt- avhengig av kva type dongeristoff det var. Det kan vere lurt å tenke gjennom akkurat dette dersom ein skal bruke dongeri i ReDesign-oppgåve i skulen. Ein ting ein kan gjere for å få stoffet litt mindre «stretcha» og meir stødig å jobbe med for elevane, er å stryke fliselin på baksida av stoffet før ein startar å sy. Om ein har stretchsauminnstilling på symaskina (ein slags lukka overlocksaum) er denne super å bruke, fordi den gjer til at stoffet ikkje dreg seg så mykje. I tillegg gjer den overgangane mellom lappane både finare å sjå på, i tillegg til at dei klypte sidene ikkje vert så «bulkete».

Val av sting – og nåltypar
Sidan dette er eit teppe der eg har valt å sy dongerilappar oppå eit eksisterande teppe i eit syntetisk stoff, valgte eg å prøve ut nokre stingtypar på nokre lappar på førehand. Eg prøvde også ut ulike nåltypar; og hamna opp med Jeansnål str 100. Hovudregelen i val av nåler er at ein brukar tunn nål til tunt stoff og tjukk nål (ofe med litt lang spiss) til tjukke/kraftige stoff. Til skinn må ein bruke skinnnål, som skjærer gjennom stoffet medan ein syr. Ut i frå dette, valgte eg å bruke jeansnål som «hovudnål til dette arbeidet, sidan eg skulle gjennom både tre og fire lag stoff.

Eg valde å bruke både rettsaum, kombinert med sikksakksaum (som er den vanlegaste saumen til å applikere med) i tillegg til lukka overlock. Eg valte ulik stinglengd/breidde og ulik farge på tråden for å skape variasjon og spenning i lappemønsteret (eg veksla mellom mørk blå og gulbrun jeanstråd i overtråd, kvit i undertråd).

Slik gjorde eg: Eg starta med å sy fast lappane med rettsaum så tett inn til den eksisterande dekoren som mogleg(dvs ruta i midten og blondene på kvar side står vertikalt på det gamle vognteppet som eg valde å behalde). Eg sydde frå midten og ut over mot dei fire kantane, slik at ikkje teppet skulle vri seg eller lage eigne «lommer» i stoffet. Etter at alle lappane var sydd fast til dei to underlaga, tråkla eg ned blondekantane for å dekke over rettsaumen, og for at dei også skulle ligge pent. Blondene er også blitt ganske «rotne» etter år på loftet, og hadde nok også best av å bli sydd fast til underlaget. Her brukte eg lange sting på symaskina (stinglengde 5), og blank symaskintråd i overtråd (kvit i undertråd).

No står det att å stryke på dekoren som skal gjere teppet både meir » moderne» og litt friskare i fargane; dvs englebarna som eg tidlegare har klypt ut og limt flisofix på. Her må eg bruke litt tid for å lage ein komposisjon som eg er nøgd med. Eg har sju element som kan limast på. Eg må vurdere om eg skal velje alle, eller om eg skal plukke ut berre nokre av dei. Eg har også klypt ut eit litt tjukt vattinnlegg – som eigentleg er definert som veskefor-og eit baksidestoff i bomullssateng som matchar dongerien på framsida. Dette har ein gong vore ei gamal gardin (den er heilt falma på den eine sida og like fin på den andre). Begge desse to stoffa skal brukast til å fore teppet. Eg har enno ikkje bestemt meg for om eg skal vrangsy det, eller om eg skal sy det fast med hand. Så – det er enno ein del arbeid att før eg er heilt i mål. Men det nærmar seg no eit sluttprodukt.

Tråkling av lappar på vognteppe i ReDesign

mars 7, 2010 § Éin kommentar

Ferdigtråkla babyvognteppe

Jammen tok det si tid å tråkle på alle dei utklypte og fastnåla dongerilappane til det gamle vognteppet. Trur eg har brukt nærmare 3 timar berre på dette arbeidet. Men så trur eg at eg har att for det når eg skal begynne å sy med maskin. Tråklinga er viktig for at lappane ikkje skal gli når ein syr. Vridde lappar vil definitivt ikkje bli særleg vakkert. I tillegg til å tråkle alt fast til det gamle vognteppet, har eg også tråkla det heile fast til eit underlag i ubleika lerret, for å ha eit fast underlag å sy på.

Eg har også flytta om på nokre fleire lappar og frynsa opp nokre av kantane for å skape meir spenning i «mønsteret».

Planen er å sy både med rettsaum og siksaksaum i ulike stinglengder og med ulik stingbreidde. I tillegg har eg tenkt å variere mellom mørk blå syntetisk tråd (fordi den er meir slitesterk enn bomullstråd) og litt kraftigare gul/orange syntetsk tråd til å sy meir typiske enkle og doble dongeristikningar med.

Eg har sett av både laurdag og sundag til å sy, for dette veit eg kjem til å ta tid.

Eg gler meg no til å ta fatt på sjølve syinga:-)

Kreativ design -redesign

mars 4, 2010 § Kommenter innlegget

ReDesign i skulen

mars 3, 2010 § Kommenter innlegget

Arbeid med ReDesign i skulen kan med fordel nyttast på alle årstrinn. I Kunnskapsløftet (K-06) i læreplanen for kunst og håndverk under hovudområdet Design, står formgjeving av gjenstandar sentralt. Håndverkstradisjonen i faget skal viderførast. Vidare står det at design skal omfatte både arbeid i direkte materiale og arbeid med skisser og modellar. Elevane skal lære seg og må få utforme idear, arbeidsteikningar, produkt og bruksformer. Dei må også få kjennskap til ulike materiale, lære seg problemløysing, der produksjon kan danne grunnlag for innovasjon og entrepenørskap.

Kompetansemåla etter 4. årstrinn under hovudområdet design seier at elevane må kunne planlegge og lage enkle bruksgjenstandar i ulike materiale. Det vert nemnt teknikkar som veving, filting, strikking, sying, spikring og skruing som døme på teknikkar ein kan bruke.

I arbeidet med redesign kan ein eksperimentere med alle desse teknikkane. Det handlar om å bruke eit eksisterande produkt, for å lage eit nytt. Å jobbe i gruppe kan vere eit godt utgangspunkt for å få fram kreative prosessar. Enkle ting elevane kan lage på dette steget er til dømes pennalhus, syveske, gymbag, som berre treng to enkle rettsaumar på symaskin. Ein kan også nytte ulike handverkty, til dømes kan ein klyppe i ulike materiale (gamle dongeribukser eigner seg godt) og setje saman ulike geometriske former som dekorative formelement. Til dømes kan dette setjast saman til eit bilde, der ein limar alle delane på ei flate. Elevar som har lyst, kan kanskje både få prøve å sy heilt enkle saumar på symaskin, i tillegg til at dei kan dekorere sitt eige produkt ved å lime på flisofix, og deretter sy enkle sting (dekor) for hand.

I kompetansemåla etter 7. årstrinn, står det at elevane skal kunne gjere reie for samanhengen mellom ide, val av materiale, handverksteknikkar, form farge og funksjon. Dette opnar i større grad for at elevane kan få vere med i ein større og meir kreativ formgjevingsprosess, til dømes i oppgåve med ReDesign. Dei skal også kunne bruke symaskin og enkelt elektrisk handverkty og kunne bruke ulike samanføyingsteknikkar i både harde og mjuke materiale. Dei skal kunne trekke inn formelement frå ulike kulturar, i utforminga av gjenstandar med dekorative element. Elevane skal kunne vurdere design og industriell produksjon av kjente bruksgjenstandar frå kvardagen. Moglegheitene er her svært mange med tanke på ReDesign. Den første delen av den kreative prosessen kan gå føre seg ved at elevane kan få rote på loft og i skåp i sitt heimemiljø, på skulen sitt lager, kontakte bedrifter i nærmiljøet, ta ein tur på miljøstasjonen, og ikkje minst få inspirasjon ved å bla i magasin eller på internett osb.

Fleire av kompetansemåla i Design gir moglegheiter til å kunne arbeide med ReDesign mellom 8. og 10. årstrinn. Arbeid med ReDesign på heile ungdomstrinnet er svært aktuelt, då elevane skal kunne skape klede og drøfte mote, pris og kvalitet i et forbukarperspektiv. I tillegg skal dei kunne beskrive livsløpet til eit produkt, og vurdere konsekvensar for berekraftig utvikling, miljø og verdiskaping. Her ser eg føre meg at elevane kan nytte seg av brukte produkt/bruksgjenstandar som dei fleste har i heimen; til dømes avlagde kle (til dømes gensarar, bukser, skjorter, kjolar), lamper, T-skjorter, osb.

I arbeidet mitt med ReDesignoppgåve ved dette studiet, ser eg at nokre av dei tinga eg har jobba med ikkje eignar seg spesielt godt å jobbe med på dei lågaste trinna i grunnskulen (til dømes Nespressokaslane). Ei av dei tinga som eg har prøvd ut- og som eg trur vil kunne eigne seg svært godt i underviningssamanheng på alle trinn, er ReDesign av gamle T-skjorter. Moglegheitene er mange. I mine to utprøvingar, strikka eg først eit skjerf av oppklypte T-skjorter, strikka på pinne nr 30. Deretter hekla eg ei korg, på heklepinne nr 15 (sjå tidlegare innlegg på bloggen min). Eg har ikkje hatt tid til å prøve ut å veve med dei oppklypte T-skjortene, men eg vil tru at dei også eignar seg godt til å veve med, ut i frå den kunnskapen eg har om det å veve. Her ka ein sette opp renning på enkle rammevevar, dersom skulen har slike tilgjengeleg. Både veving, filting, strikking og sying, er teknikkar som elevane skal kunne etter 4. årstrinn (jf K06). Arbeid med skinn er også nemnt i læreplanen etter 4. årstrinn; der det står at elevane må kunne bruke enkle handverkty i arbeid med skinn. Eg går ut i frå at ein her meinar handsaum i skinn. Om ein skal til med meir avansert verkty (som til dømes å sy i skinn med symaskin), vil eg tru at det er få skular som har dette tilgjengeleg. Som lærar ville eg i alle fall testa ut på førehand at dei symaskinene som skulen har er kraftige nok til å klare ein slik «jobb».

Godt at det framleis finst skomakarar att i dette landet…

mars 1, 2010 § Kommenter innlegget

-…for i helga fann eg faktisk ein pensjonert skomakar som kunne hjelpe meg med symaskin med ekstra kraftig motor, slik at eg fekk gjort ferdig syarbeidet med skinnveska som eg har ReDesigna. Han hadde også utstyr slik at eg fekk fleire hol i beltet som var gjort om til skulderreim.

Eg har framleis eit par idear med denne veska, som eg er litt usikker på om eg skal gjere noko meir med. Eg valde nemleg å fjerne pyntetrådane (stikningane) fordi eg tykte dei var blitt så skitne og stygge etter mange års bruk. Eg har enno ikkje heilt bestemt meg for om eg vil setje inn nye trådar, eller om dei små hola skal få stå att som ein slags dekor i skinnet. Her må eg prøve meg litt fram. Eg har spretta opp nokre ledningar som eg tenkte å prøve og tre inni. Eg lurar også på om eg skal våge å fjerne dei opprinnelege skinnhankane. Er litt redd for at det skal bli stygge hol om eg sprettar dei av.

Lys ide!
Sist veke kom eg over eit Led-leselys (til den nette sum av kr 49.-)som passa som hånd i hanske ned i det eine rommet i veskeforet. No er det berre å trykke på ein knapp – og vips- så er det fullt lys i veskerommet. I ein mørk kino-eller konsertsal er no sjansen til å finne att bilnøklar, briller eller leppestiften auka monaleg. Dette betyr at eg no likevel har klart å realisere ein av dei ideane mine som eg tenkte var av det «villaste» og minst realiserbare slaget, som eg skisserte i starten av denne prosessen. Eg er svært nøgd med at dette lot seg gjennomføre.

Artig utprøving av smykkedesign med Nespressokapslar og laminering som utgangspunkt

februar 24, 2010 § 2 kommentarar

I går ettermiddag/kveld var Grete Karin og eg i formingslokala på Foss og hadde ei hyggeleg og kreativ økt der vi jobba med materiale og teknikkar som ingen av oss hadde prøvd tildlegare.

Målet vårt var å gjere noko kjekt i lag i høve ReDesignoppgåva, i håp om å inspirere kvarandre til å lage noko kreativt. Dei afrikanske smykka som Berit hadde med seg på seg på sist samling, viste oss – at om ein berre har fantasi nok – kan ein lage fine/nyttige ting av søppel. Vi ønskte å lage enkelt smykkedesign, der målet var å teste ut på kva nivå dette passa til i grunnskulen. Mellom anna ville vi prøve ut laminering av ulike materiale.

Materiale: Eg har ei stund samla på brukte kapslar frå Nespresso kaffimaskina vår, nettopp med tenke på ReDesign. Desse finst i mange ulike fargar, og er også lette å jobbe med/klyppe opp for ungar. Materialet er lettmetall; aluminium. Kapslane er sirkelforma, med litt innsving i toppen. Vi hadde også med oss tidsskrift, vekeblader m.m.

Kva gjorde vi? Vi starta med å klyppe opp kaffikapslane med saks/avbitartang, og tømte dei for kaffi. Kaffien tok vi vare på, fordi vi hadde ein ide om at vi kanskje kunne få brukt den også (kanskje laminere den?). Deretter klypte vi ulike figurar av aluminiumen, både organiske og geometriske former (sjå foto). Vi llimte til slutt vi dei ulike delane saman med limpistol, og brukte dei som dekor på ringar, brosjer ol. Dette fungerte veldig bra. (Bilde av dei ferdige produkta kjem seinare).

Vi hadde på førehand klypt ut ein del papir og plast med dekor som vi likte; mellom anna del av ein twistpose og det tunne loket frå nokre av Nespressokapslane. Men lamineringa vart ei langt større utfordring enn vi hadde sett føre oss på førehand. Lamineringsmaskina ville nemleg ikkje vere ven med oss denne kvelden…:-( Vi fekk prøvd eit par ark, før maskina takka for seg. Meininga var å klyppe ut små figurar av dei laminerte tinga, for å bruke det til øyrepynt, smykke osb.

Kva har vi lært? Vi har lært mange ting.
For det første har vi fått erfare at desse aktivitetane er meir tidkrevjande enn vi trudde. Aluminiumskapslane var enkle å jobbe med, men er litt skarpe i kantane (spesielt for små ungar). Dessutan har vi også sett at lamineringa må gjerast med (minst) ein lærar i nærleiken. Først i ungdommskulen vil elevane kunne klare dette på eiga hand. Kaffien som vi trudde vi skulle få brukt, var dårleg eigna til å laminere med, då det vart for tjukt til at maskina ville dra inn lamineringsplasten.

Kva med å nytte desse materiala/teknikkane i skulen og kva seier læreplanen? Det var kjekt å få prøvd ut dette med tanke på undervisning i skulen. Eg trur nok ikkje at arbeid med Nespressokapslane eignar seg så godt til dei aller yngste elevane, fordi ein bør ha ganske god finmotorikk for å klare å klyppe i dei. Først etter 4. trinn kan ein vurdere ein slik type aktivitet. Ein må også ta med i betraktninga at det det er lett å skjære seg på dei skarpe kantane som vert når ein klypp i dette materialet. I K06 under kompetansemåla for Design etter 4. trinn står det nemleg at elevane skal kunne eksperimentere med enkle geometriske former i konstruksjon og som dekorative elementer. Kapslane eignar seg godt til eksperimentering etter at dei er klypt opp. I eit gruppearbeid, til dømes mellom 5- og 7. trinn vil ein slik aktivitet vere meir givande som ReDesignoppgåve. Etter 7. trinn står det nemleg i K06 at elevane skal kunne lage enkle bruksformer i ulike materiale, og kunne gjere greie for samanheng mellom ide, val av materiale, håndverksteknikk, form farge og funksjon. Elevane vil nok ha eit mykje større utbyte av aktiviteten og få i gang ein betre og meir kreativ prosess dersom dei både beherskar teknikken og reiskapen dei skal nytte.

Å klyppe i lamineringsplast klarar nok elevar heilt ned på dei lågaste trinna, men også her skal ein ha god finmotorikk for å klare å klyppe nøyaktig. Dessutan kan det å lage smykkepynt av plastformene vere vel utfordrande for dei yngste elevane, sidan dette er nokså «putlete» og tidkrevjande arbeid. Konklusjonen er at dette nok er ein aktivitet som eignar seg betre i ungdomsskulen enn i barneskulen.

Fabio Novembre

februar 23, 2010 § Kommenter innlegget

Fabio Novembre – ein spennande italiensk designar eg vil anbefale: http://www.novembre.it/

Vognteppet tek form

februar 17, 2010 § 2 kommentarar

I kveld har eg jobba mange timar med vognteppet. Hadde store planar om å sy saman dei ulike delane eg hadde klypt ut. I går kveld klypte eg ut flisofix og strauk på dei ulike englefigurane som skal bli til dekor på teppet. Dei skal monterast på heilt til slutt, etter at alle dongeridelane er sydd. (På bildet er dei heilt tilfeldig plassert).
Eg har no fått den endeleg oversetjinga på det som står skrive på Spansk: «Se me ha caido un angel» . Det er eit uttrykk som kan samanliknast med det norske ordtaket: «Å få noko sendt frå oven» (dvs det å vere heldig). Det passar jo ekstra godt, med tanke på dei som skal få dette teppet:-)

På' an igjen...

Då eg hadde lagt alle dongeridelane på bordet att, såg eg at eg at det måtte det gjerast noko meir før eg kunne starte å sy. Eg var med andre ord ikkje nøgd med det første utkastet. Dermed starta eg forfra igjen. Og – etter å ha teikna nokre nye skisser og klypt ut nye mønsterdelar er eg no nøgd. Alt er førebels nåla fast til det gamle vognteppet. I morgon skal eg tråkle alt ordentleg på. Deretter vil eg sy det til enda eit lerretunderlag for å få det anda litt stødigare. Til slutt trur eg det kan vere lurt å legge inn eit tunt lag med vatt evt eit litt stødig veskefor, før eg syr fast bakstykket.
Slik vart det då alt var nåla på:

Snart kan eg sy!

Where Am I?

You are currently browsing the Design category at Heidis blogg i kunst og handverk.