Utstilling og eksamen mai 2010

august 15, 2010 § Kommenter innlegget

Som ei avslutning på denne bloggen – legg eg no ut ei slidesframsyning som viser av nokre av arbeida frå eksamensutstillinga som vi hadde ved dette studiet i kunst og handverk; fagområde: Arkitektur og Design (ReDesign).

This slideshow requires JavaScript.

Ekskursjon til Sogndal ungdomsskule

mai 3, 2010 § Kommenter innlegget

På samlinga fredag 23. april vart det gjennomført ekskursjon til Sogndal Ungdomsskule, der faglærar i Kunst og handverk Aslaug L Navarsete viste fram elevarbeid ved skulen og fortalde/demonstrerte få eiga undervisning, primært 8. klassetrinn. Dette var ein svært matnyttig, interessant og lærerik dag.

Hovudområde Arkitektur
Aslaug fortalde mellom anna korleis dei jobba med arkitektur som eit tverrfagleg prosjekt, og gjerne over fleire år. Vi fekk sjå montasjar/dokumentasjon frå elevarbeid.

Hovudmålet er at elevane skal reflektere over dei visuelle omgjevnadene i lokalmiljøet. Elevane vert utfordra på byggeskikk. Kven skal bestemme i byggesaker, og/eller om eit hus er fint eller ikkje? Kva krefter verkar inn på byggeskikken i lokalmiljøet?
Det vert gitt oppgåver som utfordrar elevane til å tenke sjølv.

Prosjektet startar med at Aslaug held ei innføringsførelesing for elevane om arkitekturhistoria generelt og om arkitekturen i Sogndal spesielt. Foilar og bilete frå Lionskalendaren vert nytta for å dokumentere den gamle byggeskikken og korleis Sogndal har endra seg over tid.

Elevane vert så sendt på fotojakt i nærmiljøet for å ta bilde av hus, for deretter å bearbeide materialet dei finn. Målet er å bli kjend med bygda si, og å finne ut kva som meinast med arkitektur. Dei observerer uterommet; gater, trapper, murar -og dei finn ut kva som påverkar omgjevnadene våre.

Elevane jobbar i gruppe, og vel tema sjølv. Nokre døme på tema: Vakre hus, Mystiske hus, Rare hus, Idylliske hus osb.

Presentasjonsformene er ulike, alt i frå montasje på plakat, munnlege presentasjonar med Power Point til laminerte presentasjonar.

Vi fekk sjå at nokre hadde teikna hus med blyant frå ulike perspektiv, skrive litt om kvart av husa og limt på plakatar. Andre hadde laga presentasjonane sine i A3-format på ark som var sett inn i plastlommer. Elevane hadde vore svært kreative på Lay-out.

Ei av oppgåvene som elevane jobbar med på 10. trinn , er å bygge tårn av papir og binders:
– så høgt som mogleg
– så sterkt som mogleg
– så pent som mogleg

Her vert det lagt meir vekt på det konstruktive i arkitekturen.

Litteratur som vart brukt i samband med oppgåva er: Hus og Stil (her fekk vi råd om å kjøpe inn klassesett) Studiehefte, Gerhard Hauken, Europas stilhistorie, Axel Coldwin, Byggeskikk i Norge, Odd Brochmann. Fortidsminneforeningen har også gitt ut ein del litteratur som kan vere aktuell.

Hovudområde Design
Aslaug fortalde også om korleis dei jobbar med området Design. Dette er eit takknemleg emne å jobbe med i skulen, fordi Design er «in-i tida» og elevane tykkjer det er spennande. Elevane må likevel motiverast til sjølve teoribiten. Her vert det fokusert på kva Design handlar om; dvs at ein som er Designer ofte sit på ei kontor og teiknar ein ting og lagar ein prototype. Deretter overtek andre for å produsere tingen, marknadsføre den slik at folk skal få lyst til kjøpe den. Det vert fokusert på å samanlikne skandinavisk design med internasjonalt design, og ein jobbar med ulike omgrep i Design; t.d folkekunst, kunstindustridesign, redesign, webdesign, reklamedesign, klesdesign, møbeldesign osb. I tillegg snakkar ein om korleis ein kan bli designer. Aslaug anbefalte boka Skandinavisk Design og God form i Norge (Jacob-prisen)

Vi fekk også ei innføring i korleis elevane jobbar med keramikk på 8. trinn. Aslaug sa at elevane jobbar over tid med ein og ein ting, og at dei ikkje «stressar» med å bli ferdige. Det viktigaste er å «terpe» handverket, og å vere nøye med kvaliteten. Sogndal U-skule har eige keramikkrom og keramikkovn, der det også er plass til tørking. Leire er eit veldig godt materiale å jobbe med, fordi det er eit plastisk materiale.

Vi fekk sjå ei utstiling med flotte elevarbeid. Elevane hadde laga flotte kermikkfat, som hadde ulike typar glasering og dekor. Vi fekk også sjå korleis elevane hadde jobba med ei skål i snøballteknikk. Leira som vert brukt er kvit leire (Vingerling K123). Fordelen med den, er at den er lett å jobbe med, og at den ikkje tørkar så lett ut. Dessutan trengst det berre to lag med glasur (tre på annan leire). Den kan brannast opp til 1280 grader. Ulempa er at den er litt dyrare enn «vanleg» blåleire.

I snøballteknikken lagar elevane ein ball av leira, der dei brukar fingrane for å hule ut med. Dette gjer dei ved å dreie ballen rundt og rundt, slik at det vert større og større hol. Det vert snakka med elevane om opne og lukka former. Ein annan teknikk som også kan brukast, er ein teknikk der ein brukar ei annan skål som mal/form. Det er viktig å legge plast oppi skåla før ein legg leira oppi og startar å forme leira.

Elevane lagar også eigne mønster til skåla, og jobbar med geometriske og organiske former. Elevane får også lage fat i kjevleteknikk (viktig å bruke lange kjevle). Då kan dei lage dekor med ulike blondedukar, papir, gamle sykkeldekk, eller dei kan stemple. Dei kan også kjevle på strie for å få mønster. Etter brenning, må produktet pussast godt med sandpapir nr 40. Deretter glasere med penselglasur. Obs: nokre av dei er giftige, så det vert anbefalt bruk av maske og hanskar.

Aslaug fortalde også om korleis elevane jobba med fargane etter NCS-systemet (norsk standard). Dette er eit naturleg fargesystem og eit visuelt godt system, som blir brukt i industrien. Det kan kjøpast ferdige plansjer på Byggtjenesten. Elevane lærer omgrepa kvitheit, svartheit og kulørtheit, og det vert snakka om svartaktige og kvitaktige fargar og kulørsterke fargar. Det vert jobba systematisk med fargane inn mot mønsterbygging og bruk av formalestetiske verkemiddel.

Her noko av det flotte vi fekk sjå:

This slideshow requires JavaScript.

Val av endeleg ReDesignoppgåve

april 8, 2010 § Kommenter innlegget

Eg måtte gå fleire rundar med meg sjølv, før eg klarte å bestemme meg for endeleg oppgåve i ReDesign:

Vognteppet/veggteppet.

Kombinert vognteppe/veggteppe i ReDesign

Kvifor falt så valet på dette teppet?
Først og fremst fordi det er i arbeid med dette produktet at eg har fått «brynt» meg mest på å løyse små og store utfordringar. Eg har «slite» ut to symaskiner, skissa opp ulike løysingar, sydd, klypt, retta opp, sydd og retta opp att på nytt. Eg følar sjølv at det er i arbeidet med dette produktet eg har hatt den mest kreative og lærerike utviklinga/prosessen.

Mål:
Hovudmålet mitt har vore å ReDesigne eit gamalt vognteppe frå 1964, som både skulle behalde noko av det gamle designet og som skulle ta opp i seg noko noko nytt. Eg ønskte å gjere dette på ein slik måte at teppet både vart funksjonelt, estetisk og i tillegg få eit litt røffare preg. Samstundes hadde eg eit mål om at teppet skulle uttrykkje noko visuelt/kjenslemessig til mottakarane av teppet.

Delmåla eg sette meg under vegs var å
-gjere meg kjend med kva «motar» som finst i «Vognteppeverda» i dag og tidlegare tider
-finne ut standardmål på barnevogner
-lære meg applikasjonsteknikk på symaskin
-lære meg å sy i svært tjukt stoff (sy i 3-4 lag dongeri)
-skaffe meg kjennskap og innsikt i saum og (for meg) nye saumteknikkar
-setje saman harde og mjuke materiale
– skaffe meg innsikt i symaskinnåler og bruken av dei i høve ulike tekstilar
– skaffe meg erfaring og innsikt i saum av ulike tekstilar/trådretningar
– lære meg å lage mønster frå «botnen» av
– jobbe med form, farge og dekor for å skape eit godt visuelt uttrykk
– skape eit kjønsnøytralt teppe

Korleis oppstod ideen?
Det som har vore litt spesielt med denne prosessen, er at vognteppet som er brukt som utgangspunkt ein gong har lagt på vogne til bror min, som no er 46 år. Den samme broren ventar sin førstefødde no i vår. Same dagen som eg fann teppet på loftet i barndomsheimen min, fekk eg eit lass med gamle dongeribukser/skjørt frå sambuaren til bror min. Det var då ideen kom med at eg skulle prøve å setje dei to produkta saman, og prøve å lage eit vognteppe som både skulle vere funksjonelt og kommunisere visuelt og bety noko for dei begge to.

Dekoren
Dei små englefigurane på den gamle T-skjorta som eg fann – kom difor sendt som ei gåve frå himmelen: «Se me ha caido un Angel» – som direkte oversett frå spansk betyr at «noko fell i hovudet på ein» – eller på godt norsk: Å få noko frå oven. Det var med andre ord slik eg fekk eg ideen om at teppet skulle uttrykkje noko visuelt/kjenslemessig. Eg har difor jobba mykje med dekoren, dvs plasseringa av dei små figurane på teppet. Eg har prøvd å skape spenning i teppet, ved å bruke kontrastar i fargevalet. Kontrasten mellom det skarpe orange og rosa i fugurane står i sterk kontrast til den sarte lyse blåe fargen i ruta i midten og dei lyse blondene.

Kan arbeid med ei tilsvarande oppgåve vere aktuell i grunnskulen?
Eg vil tru at elevar mellom 8-10. trinn – og som har bra forkunnskapar i saumteknikk, kanskje kan klare eit noko enklare opplegg enn det eg har gjennomført her. Eit ikkje alt for avansert produkt med utgangspunkt i dongeritekstilar. vil kunne vere overkommeleg, både med take på tid, organisering, utstyr. Det som er flott med dongeri- er at dei fleste har ei gamal dongeribukse liggande i skapet heime som dei kan bruke som materiale. Obs: Stretchdongeri kan vere meir utfordrande å sy i enn vanleg dongeri.

Ut i frå dei erfaringane eg har gjort meg med dette arbeidet, trur eg at eit eit tilsvarande arbeid gjennomført som undervisningsopplegg i grunnskulen, ville ha vore alt for omfattande/tidkrevjande/utfordrande. Det krevst mykje forkunnskap både om sumteknikk og materiale for å kunne setje i gang med eit tilsvarande arbeid. Den største utfordringa med applikasjon på dongeri, er at det kan vere vanskeleg å sy i, fordi ein ofte kjem opp i 3-4 lag. Dei fleste symaskiner til «vanleg husbruk» – og som også er mest vanleg i skulen, klarar som oftast ikkje å sy gjennom meir enn to -tre lag stoff i kraftige materiale.

Applikasjon som teknikk i skulen
Eg trur at applikasjon som saumteknikk i skulen er ein aktivitet som vil «fenge» dei fleste. Ein kan variere mellom å sy applikasjon på symaskin og applikasjon med handsaum. Å sy med sikk-sakk på symaskin er forholdsvis enkelt, og elevar med dårleg finmotorikk vil mest truleg klare å lage eit produkt som dei sjølv vil karakterisere som «fint». Noko som er motiverande i seg sjølv:-)

I påska fann eg eit applikert bilde som guten min hadde sydd i 5. klasse med sikksakksaum. Det var eit landskapsbilde, sett saman av ulike stoff i blåtonar. Bildet var kanta med skråband. Eit produkt eg hugsar han var svært stolt av, då han kom heim med det. Dei ulike delane var limt på bakgrunnsstoffet med flisofix før sying. Dette forenklar prosessen ein heil del, fordi dei ulike bitane då ligg i ro medan eleven syr. Meistring gir motivasjon:-)

Siste utprøving: ReDesign lamper

april 5, 2010 § Éin kommentar

No er eg snart i mål med alt arbeidet mitt i høve ReDesignoppgåva. Sjølve «godbiten» har stått att heilt til slutt; nemleg å ReDesigne lampeskjermar. Eg vart så inspirert av å sjå på nettet kva elevar har fått til med enkle midlar, og fekk lyst til å prøve ut dette. Årsak: – rett og slett fordi eg aldri har prøvd dette før.

Eg fann ut at eg ville at eg ville prøve ut ReDesign av tre ulike lampeskjermar. Forslag til mønster/skisser har eg teikna i Sketchboka mi. Målet mitt har vore å prøve ut fleire ulike teknikkar, samstundes som eg ønskjer å finne ut om nokre av teknikkane kan knytast opp/eignar seg i ei evt tilsvarande oppgåve i ReDesign i grunnskulen.

Lampe nr 1

Klassisk 70-talslampe som ventar på ReDesign

Den første lampa med skjerm vart kjøpt på BruktBui for ei stund sidan for kr 50, og er ei klassisk lampe frå 1970-talet. Den har berre lagt her og venta på å bli gjort noko med. Skjermen er sylinderforma med plast innvendig og kledd med raudt papir utvendig. Teksturen er grov; dvs papiret har ei ru/grov overflate.
Det er lagt inn vertikale litt tjukke trådar med ca 5 cm mellomrom. Eg teikna fleire skisser som eg brukte som utgangspunkt for det endelege designet; ei fritthengande lampe (frå tak), ei bordlampe, og ei som kunne stå på golvet. Eg bestemde meg for å behalde forma og storleiken på skjermen slik den var, og la lampa henge fritt i rommet.

Grov tekstur

Det ville bli for omfattande og svært utfordrande å skjære lampeskjermen i to delar.

Eitt lag maling var ikkje nok til å dekke raudfargen...

Eg sette først i gang med å male skjermen med kvit akrylmaling. Denne malinga dekka svært dårleg.

Fire lag maling måtte til for å dekke raudfargen

Det vart til slutt fire strøk med kvitmaling før all raudfargen var dekka og eg var nøgd. Deretter tok eg ei ”remse” med emballasjepapp som hadde eit slags prismeforma holmønster, liknande mønsteret i ei bikube.

Emballasjepapp i prismemønster som sjablong

Eg prøvespraylakka med svart oljemaling på ei papplate først, for å sjå korleis mønsteret frå emballasjepappen kom fram. Dette gjorde eg først og fremst for å teste ut kor langt i frå eg måtte stå medan eg spraya, slik at malinga skulle komme i passelege mengder. Eg fekk kallen i huset til å halde pappen rundt sjølve lampeskjermen, medan eg spraya på sjølve lampeskjermen.

Ferdig spraya lampe med mønster

Resultatet vart eg ikkje 100 prosent nøgd med, fordi svartmalinga ikkje fordelte seg ut over slik eg hadde håpa og ønska. Det var nemleg svært vanskeleg å spraye medan lampa hang fritt, og fordi ein person måtte halde pappen rundt, vart det også ei utfordring å treffe” skikkeleg på lampa utan å spraye personen bak. Mest truleg kjem eg til å ta att denne lampa seinare ein gong for å prøve å gjere noko anna med den.

Bruke denne teknikken i skulen?
Eg er litt usikker på om eg ville ha sleppt elevar til med ei flaske spraylakk på denne måten. Den første prosessen med akrylmalinga ville nok ha gått heilt greitt på dei fleste trinn frå 5. klasse og oppover. Fordelen med akrylmåling er at den tørkar relativt kjapt, og er enkel å jobbe med. Den er vanlegvis enkel å få bort både frå kle og kroppsdelar. I staden for å bruke ein tredimensjonal emballasjepapp som sjablong (slik eg gjorde) kunne elevane ha laga sine eigne sjablongar todimensjonalt, og trykt med akrylmåling oppå (til dømes med ein svamp eller ein tett malekost/barberkost). Det er då lettare å ha kontroll over arbeidet. Elevane på dei lågaste klassetrinna kan til dømes jobbe med ulike enkle geometriske former (jf læreplanmål i Design etter 2. trinn, der det står at elevane skal kunne bygge med enkle geometriske grunnformer). Døme: teikne og klyppe/rive ut figurar i kontaktpapir og lime dei direkte på lampeskjermen. Eldre elevar som har god finmotorikk, kan til dømes skjære ut geometriske figurar direkte i lampeskjermen med tapetkniv, og lime på ulike typar farga papir bakom/cellofanplast i ulike fargar. Etter 4. årstrinn skal elevane kunne eksperimentere med enkle geometriske former i konstruksjon og som dekorative formelementer(LK06). Å dekorere skjermen med ulike typar papir (til dømes ut i frå eit gitt tema), lime dette fast er ein annan måte å angripe dette på. Her er uendeleg mange spennande moglegheiter/teknikkar å jobbe med, og det er berre å sleppe fantasien laus.

Lampeskjerm nr 2
Her var utgangspunktet eit lampeskjermskjelett som eg kjøpte for kr 5 på BruktBui.
Eg tenkte først at eg ville trekke skjermen med eit flortynt syntetisk stoff (nesten heilt gjennomsiktig), men fann ut at eg heller hadde lyst å prøve ut noko ”heilt nytt” av brukte materiale.

Eg hadde att litt på eit nøste av dei oppklypte T-skjortene som eg tidlegare utprøving har prøvd å strikke/hekle med. Eg starta difor med å ”veve” i skjelettet med det blå T-skjorte-nøstet. Sidan eg berre hadde litt att på nøstet/med den blå fargen, vart det berre ei lita blå stripe øvst oppe i toppen. Eg var usikker på om eg ville klyppe opp fleire T-skjorter/tekstilar for å veve meir eller om eg skulle finne eit heilt nytt materiale. Eg la skjermen litt til sides for å sjå om det dukka opp nye idear.

Ideen kom eit par dagar etter, då eg skulle pakke inn ei gåve i emballasjeplast/bobleplast. Eg starta med å klyppe ut lange plastremser i ca 1-2 cm breidde, slik at det vart til to små plastnøste.

Utprøving med T-skjorte i toppen - bobleplast i midten - emballasjeplast nedst

Mykje artig emballasje å leike seg med


Deretter starta eg med å veve (eller smette) lampeskjerm i plastemballasje, vekselvis bobleplast/plast med flat struktur.

Emballasjeutprøving

Ei utfordring eg støtte på under vegs, var at den tunne plasten hadde lett for å slite når eg dytta den opp, for at den skulle bli tett. Eg måtte difor smette den avslitne plasten inn i skjelettet under (veve den inn att).

Oppklypt epleemballasje kan vevast med

Denne emballasjen har vore rundt epla

Etter at eg var ferdig å veve, limte eg på små isoporbitar/emballasjeisopor som dekor på den nedste delen av skjermen:

Emballasje som dekor?

Resultatet? Lampeskjermen vart i alle fall original nok. Eg tykte det vart tøft at skjelettet delvis viser gjennom plasten. Med den rette lampefoten trur eg at dette kan bli til ei tøff lampe i dei rette omgjevnadane. Eg prøvde ut på ein glaslysestake som var knust i toppen, og det passte veldig godt med den litt skjøre staken mot det litt skjøre materialet. Eg tykte med andre ord at staken og skjermen «snakka» godt saman. Eg vil seinare prøve om eg kan få sett på ein lyshaldar der kor staken er knust.

Funksjonell?

Dette vart jo riktig tandert - originalt - men også litt flott?

Eg hadde ein liten nagande tvil i meg om plasten kunne vere brannfarleg. Eg forhøyrde meg difor med den lokale elektrikaren, som kunne fortelje at dei nye 5-watts sparepærene kunne brukast både i papir- og plastlamper – og at dei ikkje var brannfarlege. Dei gir ikkje akkurat leselys, men det var heller ikkje meininga i utgangspunktet at dette skulle bli skjerm på ei leselampe.

Denne teknikken i skulen?
Eg forhøyrde meg med ei venninne som jobbar i 2. klasse og som har kunst og handverk som fag – og spurde ho om ho trudde dette var ein tenikk ho kunne tenkje seg å bruke på sine elevar. Ho meinte at det å veve i eit lampeskjermskjelett på denne måten kan samanliknast med å veve flatt, som til dømes bordvev eller papirvev. Ho kunne godt tenkje seg å prøve dette ut.

Eg foreslo for ho at det gjekk an å prøve ut veving/smetting med ulike typar tau, gamle skolisser, vanleg tråd (evt tråd som er rekt opp att) osb. Her er det uendeleg mange moglegheiter. Og kanskje kjem elevane på nokre fleire?

Lampeskjerm nr 3
Den siste lampeskjermen vart til etter at eg vart inspirert av ei ”lampeklyse” som eg såg bilde av i eit Burda-blad. Eg vart inspirert til å prøve å lage min eigen skjerm heilt frå botnen av. Men kva materiale kunne eg då bruke slik at skjermen kunne kallast eit ReDesigna produkt?

Utgangspunkt for lampeskjerm: håndlaga papir - laga av makulert papir/avispapir

Eg fekk ideen etter at eg rydda i porteføljen min frå i haust. Eg fann alle dei handlaga arka som eg lagde i samband med kunstutprøvingane i haust. Materialet som er nytta for å lage desse arka er jo makulerte ark, og nokre av bokstavane skin jo gjennom på delar av arka.

Kunne dette bli til ein lampeskjerm?

Kanskje desse to i lag kan bli til noko?


Eg bladde gjennom heile bunken med ark, og valde meg ut eit av dei største arka, som eg hadde tilsett ein lys gul farge. I tillegg hadde eg lagt tørka roseblad inni. Dette var eitt av dei arka eg var mest nøgd med av dei alle, og som eg faktisk kunne tenkje meg å ”forevige”.

Eg prøvde difor å forme arket på ulike måtar slik at det kunne passe til lampeopphenget; sylinder, spiss (eller skeiv) sylinder osb. Arket var veldig tynt og skjørt, så eg måtte vere veldig forsiktig då eg vridde og snodde på det. Eg tykte ein skeiv sylinder vart den forma som passa best til lampeopphenget (med fasong som ei trakt).

Den største utfordinga var å få festa saman sidene. Eg prøvde å sy konturar/pyntesting i rettsaum i kanten av skjermen med symaskina med ein farge på sytråden som tok att fargen i roseblada. Dette gjekk heilt fint, og vart veldig dekorativt. Eg valde å sy saman sjølve sidene med vanlege tråklesting med handsaum (dobbelt), fordi eg var så redd for at alt skulle revne. Eg følte at eg hadde mykje betre kontroll på arbeidet når eg kunne sy for hand.

Lakklim både utanpå og inni - for å stive opp papiret

Deretter sette eg papirtrakta oppi eit halvliterglas, og førte på fire strøk lakklim for å forsterke papiret, men også for å få ein finare glans. Eg la også på forsterkande papir innvendig, fordi eg var så redd for at papiret skulle revne medan eg jobba med det.

Etter tre strøk lakklim, har papiret begynt å herdast

Eg prøvde å få tak i ei plastskive som kunne halde lampeskjermen fast til opphenget, men fekk ikkje napp verken på den lokale elektrisitetsbutikken eller på byggsenteret.

Slik såg det ut då det vart sett 5 watts sparelyspære på...

Hjelpa var likevel nær, for ”kallen” hadde ”noko” i verktøyskrinet som kunne brukast – som berre trengte litt tilpassing. Og vips – så var lampa montert og komen på plass i taket i stova.

Ferdig ReDesigna papirlampe i småromantisk stil

Denne lampa vart eg svært nøgd med. Eg følar at den er mitt produkt – heilt og haldent, sidan eg har designa den heilt frå ”botnen” av .

Å lage handlaga papir av makulert papir/aviser i skulen?
Dette er ein aktivitet som eignar seg godt i skulen, heilt ned på dei lågaste klassestega. Det er lett å få tak i makulert papir (dette har ein som oftast lett tilgjengeleg på skulen) – og det er heit gratis. Utstyret ein brukar treng ikkje å koste så mykje, fordi ein kan lage rammer sjølv. Det finst derimot ferdige rammer å få kjøpt til papirlaging. Det finst også mange ”oppskrifter” på papirlaging på nettet.

Litt «småputl»…

april 1, 2010 § Kommenter innlegget

No har eg ferdiggjort mykje av det eg hadde sett meg som mål å få prøvd ut i samband med ReDesignoppgåva. Det siste eg har gjort no, er å gjere ferdig noko «småputl» som stod att på nokre av dei tidlege utprøvingane/arbeida mine.

Sying av for til brødkorg


Mellom anna har eg sydd eit raudt for til brød-korga som eg hekla av dei raude oppklypte T-skjortene. Her fekk eg bruk for mattekunnskapane mine, som har låge i dvale i nokre år:-). Sidan botnen i korga var sirkelforma, og eg måtte sy sider på foret, måtte eg nemleg både rekne ut omkrins og diameter. Eg brukte ein passar til å lage sirkelen (mønsteret) som eg klypte etter. Eg limte på fliselin på baksida av stoffet, tråkla, og sydde det heile saman med symaskina. Dette vart til slutt eit produkt som eg vart godt nøgd med. og som eg nok heilt sikkert kjem til å bruke til jul:-)

Eg er viss på at dette er ein aktivitet som passar godt i skulesamanheng, men kanskje ikkje på dei aller lågaste trinna. Aktiviteten med å klyppe opp T-skjorter og lage noko kreativt ut av dei; enten ved å hekle, sy, strikke, veve e.l- trur eg godt kan eigne seg som ein såkalt «venteaktivitet» i skulen. Dette er eit slikt arbeid som er lett å ta til når ein ventar på at til dømes symaskina eller læraren skal bli ledig.

Skinnveska som eg ReDesigna for ei tid tilbake, har eg no sett nye pyntetrådar (stikningar) i. Eg tykte den vart litt «naken» -etter at eg tok ut dei gamle skitne og slitne trådane som var der frå før. Eg prøvde å setje på nokre perler for å pynte den litt, men fann ut at det vart litt «overkilled». Så – utsjånaden til veska har eigentleg ikkje endra så mykje utvendig, anna enn at eg har festa på beltet til skulderreim og sett inn skinnet med skinnbalsam. Men – veska er blitt Redesigna og heilt «ny» innvendig.

Treng refleksbrikker vere kjedelege og stygge?

mars 30, 2010 § Kommenter innlegget

Ein haug med refleksbrikker med logo som utgangspunkt

Dette har eg undra meg over i lang tid. Dei fleste refleksbrikker eg har sett finst i knall sjølvlysande fargar, med like sjølvlysande skrift, ofte i ein kontrastfarge og med ein firmalogo. Det vert hevda at bankane har skulda for at bruken av refleks har gått svært mykje ned dei siste åra.
Eg har mange gonger snakka om at eg godt kunne tenkt meg ei refleksbrikke som var meir gjennomtenkt i høve form/farge/estetikk.

Sidan eg tilfeldigvis nyleg har «arva» ein heil pose med sølvfarga refleksbrikker (og som i rettferdigheita sitt namn ikkje var av den aller verste sorten eg har sett), fann eg ut at eg ville prøve å setje dei saman slik at dei skulle bli meir tiltalande å sjå på. I tillegg ønskte eg å lage nokre brikker som ikkje var fritthengande, men som skulle kunne hengast direkte på ytterplagg med ei lita sikkerheitsnål (skjult på baksida).

Eg prøvde ut fem ulike design. Tre av dei var ikkje mogleg å henge sikkerheitsnål i direkte, så dei fekk ein forhldsvis kort tråd i staden. Dei andre to kan definerast meir som refleksbrosjer. Det vart naturleg å forme dei til blomar, sidan dei i utgangspunktet hadde ei bladform.

Eg har aldri tidlegare prøvd å sy i ei refleksbrikke med symaskin. Så eg bestemte meg for at eg ville prøve det ut.
Eg starta med å prøvesy med blå tråd i rettsaum heilt i ytterkanten av refleksbrikka. Eg heldt fram med dei andre tre, og sett dei til slutt saman til ein liten blome. Og jammen var det kjekt å sy når det gjekk så leikande lett som dette:-)

Slik vart dei ulike utprøvingane mine:

Fem ulike refleks Redesign

Utprøving i ReDesign med gamle nøkkelband

mars 30, 2010 § Éin kommentar

Utgangspunktet for denne utprøvinga var at ein kollega av meg fann ein haug med gamle raude nøkkelband som var på veg opp i bosskorga. «Stopp! – ropte eg – dei kan kanskje brukast til noko!». Kollegaen min stod att som eit stor spørsmålsteikn, då eg for av gårde med alle banda:-)

Raudt nøkkelband som ventar på eit nytt liv

Banda er vevd i eit slitesterkt materiale, og er 1,5 cm breie, 1 mm tjukke (dvs flate). Dei har trykt påskrift/logo i knall gul mot den raude botnen. I enden er det ein klipssak i plast.

Slik gjorde eg:
Eg starta med å fjerne banda frå klipsen, slik at dei vart i ei heil lengd, ca 30 cm kvar. Klipsa la eg til sides. Kanskje dei kan komme til nytte seinare ein gong? Eg la alt saman ut over bordet, og starta med å flette dei saman, slik dei tradisjonelle julekorgene vert fletta. Banda var ganske glatte på overflata, og glei litt frå kvarandre etter kvart som eg fletta. Dette løyste eg ved å smørje på litt Prittlim på baksida som heldt det heile saman.

Slik såg det ut då alt var fedig fletta:

Ferdig fletta nøkkelband

Fletta nøkkelband - bakside

Kva kan ein lage av dette då?
Det første som fall meg inn, var å lage ei lita brikke/duk. Då kunne eg sett på skråband og blitt «fort ferdig». Men eg tenkte at eg ville prøve å lage noko litt meir avansert, slik at eg fekk prøvd ut fleire teknikkar i meir utradisjonelt materiale. Eg teikna ulike skisser i sketchboka mi; pennalhus, symappe, lita lommebok, veske, men landa til slutt på at eg ville lage toalettveske/mappe.

Sying av toalettveske
Eg starta med å stryke fliselin på baksida av stoffstykket eg hadde «vevd», for at det ikkje skulle gli frå kvarandre mens eg sydde.

Ei toalettveske bør ha eit for, aller helst eit som er vanntett, sidan ei toalettveske ofte inneheld flytande væsker. Eg leita gjennom alle mine mange stoffbitar, men fann ingenting som passa. Inntil eit noko utradisjonelt matriale dukka opp i garasjen; nemleg ein US MAIL postsekk i eit plastliknande «stoff», som såg ut som den hadde vevde trådar inni plasten.

Gamal postsekk US MAIL skal bli toalettveskefor


Den såg både slitesterk og funksjonell ut, så den fann eg ut at eg ville bruke.
Det raude stoffstykket vart brukt som mal, og plastforet vart klypt til slik at det passa. Eg lot det stå att to cm som eg ville brette ned i forkant av rettsida, slik at eg slapp å sy på band i kanten oppe på langsida.

Kva med innvendige lommer då?
Ei toalettveske bør etter mi meining også innehalde fleire lommer til oppbevaring av «småputl».

Lomme nr 1: Eg klypte ut ei passande stor lomme av postsekk-plasten, og sydde på ein borrelås på den eine sida, og limte på ein borrelås (som hadde påført ferdig lim) på den andre. Den limte veldig godt på plasten, slik at eg slapp å sy den fast. Deretter sikksakka eg lomma fast til plasten, med lange tette sting.

Innvendig lomme laga av plastsekk


Lomme nr 2: Eg fann ei plastveske som det hadde vore Bjørn Borgtruser i, som hadde ein liten hengar på kortsida, og ein snerten lukkemekanisme på langsida. Denne passa «som hånd-i-hanske». Eg lagde eit lite hol og sydde knapphol med symskina som skulle passe til hengaren, og sydde nokre få rettsaumsting i plasten for å halde det heile på plass inne i veska.

Bjørn Borg-plastveske kjem til nytte

Til slutt sikk-sakka eg dei to sidekantane, slik at begge «stoffa » vart meir stødige å sy i.

Dekoren på toalettveska fann eg også på postsekken. Eg klypte ut eit stort 3-tal som eg applikerte på det raude stoffet med tett sikksakk i same farge. I tillegg applikerte eg på inskripsjonen: WEIGHT LIMIT som eg la horisontalt. Eg klypte til slutt ut ein tal og bokstavkode som eg applikerte vertikalt på stoffet.

Dekor framside av toalettveske

Det var overraskande lett å sy gjennom både plasten og det raude stoffet. Eg brukte ei forholdsvis tunn nål (70), og syntetisk tråd.

Men korleis sy dette saman då?
Det enklaste ville vært lagt å legge stoffet retta mot retta, og sydd ned dei to sidene. Men – dette ville ha gitt for lite volum i veska. Eg valde difor å sy ekstra » sidekantar i plast for å skaffe meir rom i veska.

Desse vart sikksakka på, og klypt ned øvst i kanten. Deretter kanta eg sidene med nøkkelband, som eg la rundt saumrommet. Eg sydde først med rettsaum, men dette vart ikkje spesielt fint, difor sydde eg over i etterkant med tett sikksakk.

Eg fann til slutt ein gamal raud glidelås som passa akkurat i opningen til veska. Denne sydde eg på med glidelåsfot og rettsaum. Dessverre var ikkje glidelåsen open i begge endar. Dette førte til at eg sleit med å få festa den skikkeleg fast, fordi eg ikkje kom til med symaskina. Dette vart eit stor utfordring, som til slutt måtte løysast ved hjelp av håndsaum. Det aller siste eg gjorde var å ta eit nøkkelband og spenne rundt heile veska, slik at eg festa med klipsen på baksida. Eg sydde det fast til baksida av stoffet.

Den ferdige veska vart slik:

Ferdig toalettveske - framside

Ferdig toalettveske - bakside

Ferdig toalettveske - bakside

Ferdig toalettveske - sett ovanfrå

Applikasjon på dongeri krev presisjon og tålmod

mars 30, 2010 § Éin kommentar

Det fekk eg erfare då eg skulle applikere figurane til vognteppet med symaskin. Sidan symaskina mi enno ikkje har komme seg til att etter havariet for eit par veker sidan, måtte eg låne symaskin av ei venninne. Denne var litt annleis enn mi eiga, så eg måtte ta ein liten time med eigenopplæring før eg sette i gang. Det er alltid nyttig å prøve nye maskiner.

Eg prøvde først ut ein litt stor applikasjon på ein prøvelapp, med eitt lag dongeristoff. Eg brukte jeansnål, som er ei spesialnål som er konstruert for å sy på dongeri. Det fungerte supert. Eg prøvde ut ulike stinglengder/breidder for å finne den «rette» som passa til dei figurane eg skulle applikere. Eg leika meg litt , og lagde ulike monogram på dongeri.

Utprøving monogram på ulike typar dongeristoff

Eg hadde på førehand overført flisofix til figurane, og desse var limt fast til dongerien, slik at figurane skulle ligge stødig under syinga. Då eg var klar for å sy figurane på sjølve vognteppet, merka eg at det var forskjel på å sy i to lag stoff og fire lag. Den største utfordringa var å sy på figurar som var plassert oppå lommer.

Applikering på dongerilomme er ikkje lett...

3 nåler brakk tvert av, og eg måtte ta opp att nokre gonger før eg kunne sei meg nokonlunde nøgd med syinga.

Ferdig applikert vognteppe

Eg valde å sy med ein syntetisk sytråd i ein farge som var så lik den opprinnelege fargen på figuren som mogleg, slik at dei svarte konturane på figurane skulle komme tydeleg fram. Sidan eg valde å applikere rett oppå eit eksisterande vognteppe, måtte eg ta med på kjøpet underlaget var forholdsvis glatt å sy på , og at underlaget var litt skeivt i utgangspunktet.

Bakside vognteppe før montering av forstoff

Før foret kunne syast fast til teppet, ville eg lage eit monogram på teppets baksidestoff. Eg brukte same applikasjonsteknikk som på teppets framside.

Applikert monogram - bakside

Foret sydde eg til slutt på «for hand» på baksida av vognteppet med «prikkesting»/skjult applikasjonssaum. Dette er ein saumtype som eignar seg godt ved handapplikasjon. Eg la foret ca to mm frå innerkanten, og sydde foret fast med ei tunn synål. Eg valde å ikkje ha stive blonder inn øvst mot babyen sitt andlet. Desse var på førehand sydd inn i sjølve teppet.

Teppet har fått to funksjonar
Først og fremst er det eit vognteppe. Men – i vogna ligg babyen kanskje berre eit lite halvår, før sportsvogna overtek. Dette er forholdsvis kort brukstid for eit så omfattande stykke arbeid. Eg fann difor ut at eg ville lage teppet slik at det kunne brukast som veggteppe på barnerommet når babyen ikkje lenger brukar vogna.
Eg tok utgangspunkt i linningen på ei av dei gamle dongeribuksene, klypte den til slik at den vart skrå midt bak.

Gamalt belte blir til teppeoppheng


Eg lot det stå att ca fem cm på kvar side, som eg bretta bak. Sydde «godt ned» med sikk-sakksting på symaskina slik at det ikkje skulle bli for tjukt.

Ferdig ReDesigna teppeoppheng med trykkknappar

Deretter sydde eg på trykknappar, slik at opphenget kan kneppast på når vognteppet skal bli til veggteppe. Eg fann til slutt eit gamalt belte som var gått i oppløysing. Dette klypte eg av, og limet saman med tekstillim.
Slo i tre nye hol på venstre side, og tredde det gjennom beltestroppa i linningen. Dermed fekk teppet ein fin heilskap over seg; dvs opphenget «snakka» med resten av teppet.

Evaluering av arbeidsprosessen:
Det har vore svært arbeids- og tidkrevjande å ReDesigne dette teppet. Eg torer nesten ikkje tenkje på kor mange timar som har gått med til dette arbeidet. Eg har teikna ulike skisser med løysingsforslag i sketchboka mi, og eg har prøvd ut ulike saumteknikkar på prøvelappar. Eg har teikna ulike mønsterdelar, prøvd ut ulike «mønster», og forkasta ulike forslag. På Nasjonalgalleriet si nettside, fann fann eg eit foto av eit teppe som var enda eldre enn mitt utgangspunkt. Dette har også vore med på å inspirere meg. Eg har også sett på andre produserte vognteppe via ulike sider på internett. Men – hovudideen og Designet på dette teppet er mest min eigen.

I sjølve arbeidsprosessen har det for meg vore viktig at arbeidet er nøyaktig utført. Difor har eg også vore flittig med sprettekniven. Feil eller unøyaktigheiter ville i så fall berre «lyst» rett i mot den som ser på. Sidan teppet skal ligge på ei vogn, må ein forvente at mange vil komme til å studere både det og den nye verdsborgaren. Sidan dette teppet også har stor affeksjonsverdi, tykkjer eg ikkje at det gjer så mykje at det følgjer med små «skjønnheitsfeil» som har følgt med frå det gamle frå 1964. Sidan eg valde å bruke det gamle vognteppet frå 1964 som mal for det ReDesigna teppet, er nemleg ikkje teppet hundre prosent kvadratisk. Sjarmerande er vel det rette ordet for det, tykkjer eg.

Alt i alt er eg veldig nøgd med det ferdig ReDesigna produktet mitt, og eg gler meg til å gi det i gåve til bror min og svigerinna mi. Eg håpar at dei ser symbolverdien i det, og får eit like sterkt forhold til dette teppet som eg sjølv har fått gjennom å skape det.

Har eg så løyst ReDesign-oppgåva?
Hovudmålet mitt har vore å lage eit vognteppe som skulle ta opp i seg element både av det gamle og det nye/moderne. Valet mitt av tekstilar /stingtypar er eit resultat av dette. Delmåla har vore å lage eit teppe som har affeksjonsverdi/som uttrykkjer noko. Då eg kom over T-skjorta med figurane og den spanske teksten, berre «måtte» dette høyre saman med vognteppet. Teksten betyr (oversett frå spansk): Ein engel har falle over meg, eller på godt norsk; Å få noko frå oven». Dette passa jo så utruleg godt med tanke på kven mottakar er. Eit anna delmål har vore å prøve ut teknikkar/materiale som eg sjølv ikkje har vore borti før. Eg hadde ikkje prøvd å applikere på dongeri tidlegare, og tenkte at dette måtte vere eit «typisk» ReDesignmateriale til skulebruk og ein teknikk som kan nyttast på ulike trinn. Det var difor interessant for meg å få teste ut korleis applikasjon på dongeri fungerte, og reflektere over evt bruk av applikasjonssaum i skulen. Eit anna delmål var å lage eit teppe som var funksjonelt.

Vognteppet er så godt som 100 prosent ReDesigna. Det er berre sytråden og foret inni som er heilt nytt. Eg har brukt følgjande produkt som utgangspunkt for å designe (ReDesigne):

1) Gamalt vognteppe frå 1964

Utgangspunkt - vognteppe frå 1964


2) Gamle dongeribukser/skjørt frå tidleg 2000-tal

Gamle dongeribukser blir til vognteppe


3) Gamal T-skjorte med figurar frå Spania

Detalj frå T-skjorte


4) Gamal falma gardin (bakside/for) – sjå foto ovanfor
5) gamalt belte i skinn/plast til oppheng- sjå foto ovanfor

Applikasjon i skulen? Applikasjon er ein teknikk eg meinar eignar seg godt til bruk i skulen. Rett nok krev det presisjonsferdigheiter og tålmod, men ein kan starte med enkle øvingar for å øve opp ferdigheitene. Her kan ein øve seg på «enkle» materiale; til dømes starte med å sy i papir eller fastare tekstilar. Alternativt kan ein stryke på Flisofix eller Fliselin eller begge delar for å få tekstilane fastare. LK06 seier at elevane etter 4. trinn mellom anna skal kunne bruke enkle, hensiktsmessige håndverktøy i arbeid med tekstil, og dei skal kunne eksperimentere med enkle geometriske former i konstruksjon og som dekorative formelementer. Her kan elevane prøve ut ut ved å applikere enkle geometriske former på eit tekstilt underlag. Etter 7. trinn skal elevane kunne bruke symaskin og enkelt elektrisk håndverktøy i en formgivingsprosess (LK06). Elevane kan då prøve ut litt meir avsanserte applikasjonsteknikkar.

Eg har ikkje bestemt meg heilt enno -men det er store sjansar for at dette teppet havnar på eksamensutstillinga i mai for å få ei fagleg vurdering:-) Eg kjem til å ei endeleg avgjerd på dette i løpet av påska, etter at eg har fått prøvd ut dei aller siste ideane mine.

Å jobbe med Cernitleire

mars 25, 2010 § Kommenter innlegget

Eg har tidlegare jobba ein del med cernit-/fimoformleire. Denne leira er enkel og spennande å jobbe med, og passar både for vaksne og barn i alle aldrar. Det er ein aktivitet som ikkje krev særlege forkunnskapar, og ein kan drive med det heilt ned på dei lågaste klassetrinna.

Utstyr: Det ein treng av utstyr i tillegg til leira, er ein vanleg steikeomn (leira steikast på 80 grader, i ca 20-25 min). Ein kan også bruke enkle reiskapar for å lage hol/mønster i leira, til dømes ein streng, tunn pinne, gaffel el fyrstikker, evt ein modelleringskniv. I tillegg kan det vere greitt å ha kjøpt inn nokre meter med skinnreim om ein ønskjer å lage smykke.

Kostnad: Cernitleire er eit dyrt materiale å kjøpe inn, dersom ein skal bruke store mengder av det. Men – som oftast er det berre små mengder som skal til for å lage til dømes eit anheng til eit smykke eller øyredobbar.

Her er nokre døme på ting eg sjølv har laga av slik leire:

Fleire utprøvingar ReDesign smykke

mars 22, 2010 § Kommenter innlegget

Dei siste par dagane har eg har eg vore i skikkeleg smykkelagingsmodus. Eg fann ut at eg ville prøve å lage fleire smykke der eg kombinerte harde og mjuke materiale. I LK06 under kompetansemål i Design står det at elevane etter 7.-klasse skal kunne bruke ulike sammenføyningsteknikker i harde og mjuke materiale. Eg bestemte meg for å sjå om eg kunne lage noko i smykkedesign -med kombinasjonen dongeristoff og harde materiale.

I verktøykassa mi fann eg ein del metallskiver (slike til å ha på baksida av ein skrue). Ei gamal badeveske som var begynt å falle frå kvarandre var eit anna utgangspunkt.

Utgangspunkt for utprøving - gamal badeveske

Dekoren på veska var sett saman av små utklypne blomstrar i dongeri, godt slitne, men tøffe. Desse hang på veska samanføyd med splittringar i metall.

Eg starta med å demonterte dei gamle splittringane, festa dei deretter til 5 metallskiver; ein splittring på kvar side. Eg festa så den gamle dongeriblomsten med ein splittring til metallstoppar nr 3. Deretter festa eg på eit kjede, og ein smykkelås.

Øyrepynt ReDesign - dongeri og metallskive


Deretter lagde eg øyrepynt på same måte, men med ei metallskive samanføya med splittring og dongeriblomst.

ReDesign smykke og øyrepynt i harde og mjuke materiale

Reiskapane eg brukte, var to tenger som eg opna og lukka splittringane med. Om eg hadde villa, kunne eg ha limt dongeriblomstrane saman med fliselin, evt kunne eg også ha sikksakka dei med maskinsaum.

Tanga er ein viktig reiskap ved smykkelaging

Denne aktiviteten er så pass enkel at eg trur den vil høve godt på mellomtrinnet/ungdomsskulen i samband med ei oppgåve i ReDesign.

Korg og metallskiver

Eg prøvde også ut om kork og metallringar i kobinasjon var mogleg å kombinere. Dette viste seg å vere vanskeleg, fordi korken sprakk då eg skulle lage hol til å feste splittringane i. Det er mogleg at korken ville ha vore meir medgjerleg om den hadde vore oppbløytt på førehand.

Utprøving med skinnreim i staden for splittringar

Where Am I?

You are currently browsing the Design category at Heidis blogg i kunst og handverk.