Siste utprøving: ReDesign lamper

april 5, 2010 § Éin kommentar

No er eg snart i mål med alt arbeidet mitt i høve ReDesignoppgåva. Sjølve «godbiten» har stått att heilt til slutt; nemleg å ReDesigne lampeskjermar. Eg vart så inspirert av å sjå på nettet kva elevar har fått til med enkle midlar, og fekk lyst til å prøve ut dette. Årsak: – rett og slett fordi eg aldri har prøvd dette før.

Eg fann ut at eg ville at eg ville prøve ut ReDesign av tre ulike lampeskjermar. Forslag til mønster/skisser har eg teikna i Sketchboka mi. Målet mitt har vore å prøve ut fleire ulike teknikkar, samstundes som eg ønskjer å finne ut om nokre av teknikkane kan knytast opp/eignar seg i ei evt tilsvarande oppgåve i ReDesign i grunnskulen.

Lampe nr 1

Klassisk 70-talslampe som ventar på ReDesign

Den første lampa med skjerm vart kjøpt på BruktBui for ei stund sidan for kr 50, og er ei klassisk lampe frå 1970-talet. Den har berre lagt her og venta på å bli gjort noko med. Skjermen er sylinderforma med plast innvendig og kledd med raudt papir utvendig. Teksturen er grov; dvs papiret har ei ru/grov overflate.
Det er lagt inn vertikale litt tjukke trådar med ca 5 cm mellomrom. Eg teikna fleire skisser som eg brukte som utgangspunkt for det endelege designet; ei fritthengande lampe (frå tak), ei bordlampe, og ei som kunne stå på golvet. Eg bestemde meg for å behalde forma og storleiken på skjermen slik den var, og la lampa henge fritt i rommet.

Grov tekstur

Det ville bli for omfattande og svært utfordrande å skjære lampeskjermen i to delar.

Eitt lag maling var ikkje nok til å dekke raudfargen...

Eg sette først i gang med å male skjermen med kvit akrylmaling. Denne malinga dekka svært dårleg.

Fire lag maling måtte til for å dekke raudfargen

Det vart til slutt fire strøk med kvitmaling før all raudfargen var dekka og eg var nøgd. Deretter tok eg ei ”remse” med emballasjepapp som hadde eit slags prismeforma holmønster, liknande mønsteret i ei bikube.

Emballasjepapp i prismemønster som sjablong

Eg prøvespraylakka med svart oljemaling på ei papplate først, for å sjå korleis mønsteret frå emballasjepappen kom fram. Dette gjorde eg først og fremst for å teste ut kor langt i frå eg måtte stå medan eg spraya, slik at malinga skulle komme i passelege mengder. Eg fekk kallen i huset til å halde pappen rundt sjølve lampeskjermen, medan eg spraya på sjølve lampeskjermen.

Ferdig spraya lampe med mønster

Resultatet vart eg ikkje 100 prosent nøgd med, fordi svartmalinga ikkje fordelte seg ut over slik eg hadde håpa og ønska. Det var nemleg svært vanskeleg å spraye medan lampa hang fritt, og fordi ein person måtte halde pappen rundt, vart det også ei utfordring å treffe” skikkeleg på lampa utan å spraye personen bak. Mest truleg kjem eg til å ta att denne lampa seinare ein gong for å prøve å gjere noko anna med den.

Bruke denne teknikken i skulen?
Eg er litt usikker på om eg ville ha sleppt elevar til med ei flaske spraylakk på denne måten. Den første prosessen med akrylmalinga ville nok ha gått heilt greitt på dei fleste trinn frå 5. klasse og oppover. Fordelen med akrylmåling er at den tørkar relativt kjapt, og er enkel å jobbe med. Den er vanlegvis enkel å få bort både frå kle og kroppsdelar. I staden for å bruke ein tredimensjonal emballasjepapp som sjablong (slik eg gjorde) kunne elevane ha laga sine eigne sjablongar todimensjonalt, og trykt med akrylmåling oppå (til dømes med ein svamp eller ein tett malekost/barberkost). Det er då lettare å ha kontroll over arbeidet. Elevane på dei lågaste klassetrinna kan til dømes jobbe med ulike enkle geometriske former (jf læreplanmål i Design etter 2. trinn, der det står at elevane skal kunne bygge med enkle geometriske grunnformer). Døme: teikne og klyppe/rive ut figurar i kontaktpapir og lime dei direkte på lampeskjermen. Eldre elevar som har god finmotorikk, kan til dømes skjære ut geometriske figurar direkte i lampeskjermen med tapetkniv, og lime på ulike typar farga papir bakom/cellofanplast i ulike fargar. Etter 4. årstrinn skal elevane kunne eksperimentere med enkle geometriske former i konstruksjon og som dekorative formelementer(LK06). Å dekorere skjermen med ulike typar papir (til dømes ut i frå eit gitt tema), lime dette fast er ein annan måte å angripe dette på. Her er uendeleg mange spennande moglegheiter/teknikkar å jobbe med, og det er berre å sleppe fantasien laus.

Lampeskjerm nr 2
Her var utgangspunktet eit lampeskjermskjelett som eg kjøpte for kr 5 på BruktBui.
Eg tenkte først at eg ville trekke skjermen med eit flortynt syntetisk stoff (nesten heilt gjennomsiktig), men fann ut at eg heller hadde lyst å prøve ut noko ”heilt nytt” av brukte materiale.

Eg hadde att litt på eit nøste av dei oppklypte T-skjortene som eg tidlegare utprøving har prøvd å strikke/hekle med. Eg starta difor med å ”veve” i skjelettet med det blå T-skjorte-nøstet. Sidan eg berre hadde litt att på nøstet/med den blå fargen, vart det berre ei lita blå stripe øvst oppe i toppen. Eg var usikker på om eg ville klyppe opp fleire T-skjorter/tekstilar for å veve meir eller om eg skulle finne eit heilt nytt materiale. Eg la skjermen litt til sides for å sjå om det dukka opp nye idear.

Ideen kom eit par dagar etter, då eg skulle pakke inn ei gåve i emballasjeplast/bobleplast. Eg starta med å klyppe ut lange plastremser i ca 1-2 cm breidde, slik at det vart til to små plastnøste.

Utprøving med T-skjorte i toppen - bobleplast i midten - emballasjeplast nedst

Mykje artig emballasje å leike seg med


Deretter starta eg med å veve (eller smette) lampeskjerm i plastemballasje, vekselvis bobleplast/plast med flat struktur.

Emballasjeutprøving

Ei utfordring eg støtte på under vegs, var at den tunne plasten hadde lett for å slite når eg dytta den opp, for at den skulle bli tett. Eg måtte difor smette den avslitne plasten inn i skjelettet under (veve den inn att).

Oppklypt epleemballasje kan vevast med

Denne emballasjen har vore rundt epla

Etter at eg var ferdig å veve, limte eg på små isoporbitar/emballasjeisopor som dekor på den nedste delen av skjermen:

Emballasje som dekor?

Resultatet? Lampeskjermen vart i alle fall original nok. Eg tykte det vart tøft at skjelettet delvis viser gjennom plasten. Med den rette lampefoten trur eg at dette kan bli til ei tøff lampe i dei rette omgjevnadane. Eg prøvde ut på ein glaslysestake som var knust i toppen, og det passte veldig godt med den litt skjøre staken mot det litt skjøre materialet. Eg tykte med andre ord at staken og skjermen «snakka» godt saman. Eg vil seinare prøve om eg kan få sett på ein lyshaldar der kor staken er knust.

Funksjonell?

Dette vart jo riktig tandert - originalt - men også litt flott?

Eg hadde ein liten nagande tvil i meg om plasten kunne vere brannfarleg. Eg forhøyrde meg difor med den lokale elektrikaren, som kunne fortelje at dei nye 5-watts sparepærene kunne brukast både i papir- og plastlamper – og at dei ikkje var brannfarlege. Dei gir ikkje akkurat leselys, men det var heller ikkje meininga i utgangspunktet at dette skulle bli skjerm på ei leselampe.

Denne teknikken i skulen?
Eg forhøyrde meg med ei venninne som jobbar i 2. klasse og som har kunst og handverk som fag – og spurde ho om ho trudde dette var ein tenikk ho kunne tenkje seg å bruke på sine elevar. Ho meinte at det å veve i eit lampeskjermskjelett på denne måten kan samanliknast med å veve flatt, som til dømes bordvev eller papirvev. Ho kunne godt tenkje seg å prøve dette ut.

Eg foreslo for ho at det gjekk an å prøve ut veving/smetting med ulike typar tau, gamle skolisser, vanleg tråd (evt tråd som er rekt opp att) osb. Her er det uendeleg mange moglegheiter. Og kanskje kjem elevane på nokre fleire?

Lampeskjerm nr 3
Den siste lampeskjermen vart til etter at eg vart inspirert av ei ”lampeklyse” som eg såg bilde av i eit Burda-blad. Eg vart inspirert til å prøve å lage min eigen skjerm heilt frå botnen av. Men kva materiale kunne eg då bruke slik at skjermen kunne kallast eit ReDesigna produkt?

Utgangspunkt for lampeskjerm: håndlaga papir - laga av makulert papir/avispapir

Eg fekk ideen etter at eg rydda i porteføljen min frå i haust. Eg fann alle dei handlaga arka som eg lagde i samband med kunstutprøvingane i haust. Materialet som er nytta for å lage desse arka er jo makulerte ark, og nokre av bokstavane skin jo gjennom på delar av arka.

Kunne dette bli til ein lampeskjerm?

Kanskje desse to i lag kan bli til noko?


Eg bladde gjennom heile bunken med ark, og valde meg ut eit av dei største arka, som eg hadde tilsett ein lys gul farge. I tillegg hadde eg lagt tørka roseblad inni. Dette var eitt av dei arka eg var mest nøgd med av dei alle, og som eg faktisk kunne tenkje meg å ”forevige”.

Eg prøvde difor å forme arket på ulike måtar slik at det kunne passe til lampeopphenget; sylinder, spiss (eller skeiv) sylinder osb. Arket var veldig tynt og skjørt, så eg måtte vere veldig forsiktig då eg vridde og snodde på det. Eg tykte ein skeiv sylinder vart den forma som passa best til lampeopphenget (med fasong som ei trakt).

Den største utfordinga var å få festa saman sidene. Eg prøvde å sy konturar/pyntesting i rettsaum i kanten av skjermen med symaskina med ein farge på sytråden som tok att fargen i roseblada. Dette gjekk heilt fint, og vart veldig dekorativt. Eg valde å sy saman sjølve sidene med vanlege tråklesting med handsaum (dobbelt), fordi eg var så redd for at alt skulle revne. Eg følte at eg hadde mykje betre kontroll på arbeidet når eg kunne sy for hand.

Lakklim både utanpå og inni - for å stive opp papiret

Deretter sette eg papirtrakta oppi eit halvliterglas, og førte på fire strøk lakklim for å forsterke papiret, men også for å få ein finare glans. Eg la også på forsterkande papir innvendig, fordi eg var så redd for at papiret skulle revne medan eg jobba med det.

Etter tre strøk lakklim, har papiret begynt å herdast

Eg prøvde å få tak i ei plastskive som kunne halde lampeskjermen fast til opphenget, men fekk ikkje napp verken på den lokale elektrisitetsbutikken eller på byggsenteret.

Slik såg det ut då det vart sett 5 watts sparelyspære på...

Hjelpa var likevel nær, for ”kallen” hadde ”noko” i verktøyskrinet som kunne brukast – som berre trengte litt tilpassing. Og vips – så var lampa montert og komen på plass i taket i stova.

Ferdig ReDesigna papirlampe i småromantisk stil

Denne lampa vart eg svært nøgd med. Eg følar at den er mitt produkt – heilt og haldent, sidan eg har designa den heilt frå ”botnen” av .

Å lage handlaga papir av makulert papir/aviser i skulen?
Dette er ein aktivitet som eignar seg godt i skulen, heilt ned på dei lågaste klassestega. Det er lett å få tak i makulert papir (dette har ein som oftast lett tilgjengeleg på skulen) – og det er heit gratis. Utstyret ein brukar treng ikkje å koste så mykje, fordi ein kan lage rammer sjølv. Det finst derimot ferdige rammer å få kjøpt til papirlaging. Det finst også mange ”oppskrifter” på papirlaging på nettet.

§ 1 Responses to Siste utprøving: ReDesign lamper

Kommenter innlegget

What’s this?

You are currently reading Siste utprøving: ReDesign lamper at Heidis blogg i kunst og handverk.

meta