ReDesign gamal skinnveske – ferdig – så langt…:-)

februar 14, 2010 § 3 kommentarar

Sist helg og denne helga har eg jobba mange timar med å ReDesigne den gamle skinnveska som ein gong har vore mor mi si.

Hovudmålet mitt har vore å gi veska eit nytt design, utan å måtte øydelegge for mykje av den opprinnelege veska. Eg ønskte at skinnet skulle få «nytt liv» (skinnet var blitt litt «dvasst» og sprukke etter bortimot 50 år på loftet). I tillegg ønskte eg å gjere veska meir funksjonell, tidsriktig og tøff.

Dei første ideane eg hadde, gjekk ut på å gjere den meir funksjonell i høve mine behov; dvs fleire lommer både innvendig og utvendig enn det den opprinnelege veska hadde. Eg hadde eit ønske om å setje på utvendige lommer i plast, for lettare å kunne sjå kvar nøklar, mobiltlf osb . Denne ideen forkasta eg ganske raskt, fordi eg såg at dette ville bli eit gedigent stilbrot, i tillegg til at dei nye lommene ville bli vanskeleg å feste.

Det første eg starta med, var å klyppe ut foret i veska, og ta ut fire naglar i botnen av veska, som heldt fast ei tjukk papplate. Eg ønskte å endre veskefasongen ved å ta vekk plata.

Deretter måtte veska på luftetur:-). Den hang så eit par-tre veker ute på klessnora i den verste kulda, for å lufte av seg det meste av den stramme loftslukta.

Då den verste lukta var borte, sette eg skinnet inn (utvendig) med skinnbalsam for å få fram att den flotte «løden» og for å mjukne opp att skinnet. Det vart ein nydeleg brunraudfarge i skinnet:-)
Deretter tok eg av reimane på den eine sida og pussa messing-spennene med messingpuss. Resultatet vart eg veldig nøgd med.

Klypping og sying av nytt for: Eg fann ei gamal skjorte i ein brunfarge som tok att skinnfargen, og som eg tykte passa til for. To av dei gamle for-delane vart brukt som mønster. Mønsterdelane vart lagt på skjorta, og klypt ut. Eg passa på at stoffet låg trådrett (for å unngå at stoffet skulle vri seg under sying). Forstoffet var ikkje spesielt stødig, difor klypte eg ut svart fliselin og strauk på vrangsida av stoffet før eg starta å sy.

Eg hadde på førehand bestemt meg for at eg ville ha to lommer fastsydd til foret i veska, på kvar «langside». Det beste er å sy lommene på stoffet før samansying av alle delane. Eg ønskte å bruke ein gamal kaffipose frå Tanzania som lomme fordi den passa så godt i fargane til foret – og fordi den lukta så godt kaffi:-). Kaffiposen fekk eg av ei venninne som var på ferie der for eit par år sidan. Den vart sydd direkte på foret på den eine «veggen», slik at det vart to lommer i ei. Eg beheldt lukkemekanismen som var i kaffiposen. Det tykte eg var litt artig. Eg sydde så ei lita lomme på den andre «veskeveggen» av stoffet som eg tidlegare hadde farga og brukt Shiboriteknikk på. Her sette eg inn ein glidelås. Eg sydde stikningar i brun tråd, og nokre små ekstralommer til kulepennar m.m. Til slutt sydde eg saman dei fire «veggane», strauk ut saumrommet, og klypte små hakk i buen, slik at stoffet ikkje skulle bulke seg. Eg sydde ned kortsidene, slik at dei kunne limast rett på skinnet med tekstillim. Til slutt fjerna eg ut dei gamle trådane på utsida av veska (stikningane). Førebels står dei «tomme», men det kan tenkast at eg syr inn nye spennande element, om det skulle dukke opp nye idear.

Eg lurte lenge på kva eg skulle finne på for å gjere veska meir «in» og funksjonell i høve hankane. Eg bestemte meg for å behalde dei opprinnelege hankane, men ønskte i tillegg å setje på ei røff skulderreim. Eg fann ei gamal ruskinnjakke som eg vurderte å klyppe opp og sy heilt ny skulderreim av, men tykte ruskinnet ikkje passa heilt til det det eksisterande skinnstoffet. Etter ein «razzia» i klesskapet fann eg eit belte som eg ikkje har brukt på åresvis. Det kutta eg opp slik at det kunne brukast til skulderreim. Eg limte ein del fast til den eine utvendige kortveggen med tekstillim, og den andre delen til den andre kortveggen. Deretter limte eg foret fast til skinnet på innsida, og festa tett i tett med klesklyper rundt til det var tørka. Så prøvde eg å sy det forsiktig fast med symaskin med lærnål. Lærnåla sin funksjon er å skjære skinnet medan ein syr, slik at det skal bli lettare for maskina å dra. Men – dette fungerte ikkje. Maskina mi har nok for liten motor tl å klare dette. Så, skal eg få sydd dei få saumane som no skal syast, må eg nok låne meg ei kraftig skomakermaskin. Evt må eg sy dei for hand, det går og greitt, men tek litt tid, fordi eg då må stikke ut hola på førehand.

Eg er svært nøgd med prosessen og det endelege resultatet, sjølv om eg i utgangspunktet trudde at eg skulle få sydd saman veska med symaskina mi. Denne veska veit eg at eg kjem eg til å bruke mykje, sidan ho og har affeksjonsverdi.

Veska kan definerast som ReDesigna fordi:
1) eg tok vekk botnen i veska slik at den fekk ein annan fasong (meir bua i botnen)
2) eg har brukt ei gamal skjorte og ein gamal kaffipose i til å lage «nytt» veskefor og lomme
3) eg har klypt opp eit gamal belte og laga ny skulderreim av det
4) meir enn 50% av veska er altså «ny» – (men av gamle/brukte ting)

I skulesamanheng er eg imidlertid litt usikker på om eg ville ha sett i gang med eit slikt prosjekt. For det første fordi det er ganske omfattande og arbeidskrevjande og krev tett oppfølgjing av lærar. I tillegg må ein ha symaskin som ein veit har kraftig nok motor til å sy i skinn. Men, det kunne vore artig og prøvd dette med ei lita gruppe elevar på 10. trinn. Alternativt kunne ein då brukt handsaum med skinnnål eller ein kunne lånt inn ei kraftigare maskin.

Arbeidsprosessen bilde for bilde:

§ 3 Responses to ReDesign gamal skinnveske – ferdig – så langt…:-)

  • eiminda seier:

    Stilig Heidi. Du er verkeleg kreativ. Det er ein fryd å lese bloggen din. Lykke til vidare;-)

  • Marlyn seier:

    Veldig kjekt å lese bloggen din. Masse nyttig informasjon om selve syprosessen, så dette var lærerikt:-). I tillegg har du fått med både mål for arbeidet og tanker i etterkant som var interessante å lese. Og vesken var kul 😉

  • June seier:

    Så tøft! Du er utrolig flink Heidi! Det gir inspirasjon og motivasjon når jeg ser hva du klarer å få til. Bloggen din er veldig informativ og arbeidene er kjempekreative. 🙂

Kommenter innlegget

What’s this?

You are currently reading ReDesign gamal skinnveske – ferdig – så langt…:-) at Heidis blogg i kunst og handverk.

meta