Artig utprøving av smykkedesign med Nespressokapslar og laminering som utgangspunkt

februar 24, 2010 § 2 kommentarar

I går ettermiddag/kveld var Grete Karin og eg i formingslokala på Foss og hadde ei hyggeleg og kreativ økt der vi jobba med materiale og teknikkar som ingen av oss hadde prøvd tildlegare.

Målet vårt var å gjere noko kjekt i lag i høve ReDesignoppgåva, i håp om å inspirere kvarandre til å lage noko kreativt. Dei afrikanske smykka som Berit hadde med seg på seg på sist samling, viste oss – at om ein berre har fantasi nok – kan ein lage fine/nyttige ting av søppel. Vi ønskte å lage enkelt smykkedesign, der målet var å teste ut på kva nivå dette passa til i grunnskulen. Mellom anna ville vi prøve ut laminering av ulike materiale.

Materiale: Eg har ei stund samla på brukte kapslar frå Nespresso kaffimaskina vår, nettopp med tenke på ReDesign. Desse finst i mange ulike fargar, og er også lette å jobbe med/klyppe opp for ungar. Materialet er lettmetall; aluminium. Kapslane er sirkelforma, med litt innsving i toppen. Vi hadde også med oss tidsskrift, vekeblader m.m.

Kva gjorde vi? Vi starta med å klyppe opp kaffikapslane med saks/avbitartang, og tømte dei for kaffi. Kaffien tok vi vare på, fordi vi hadde ein ide om at vi kanskje kunne få brukt den også (kanskje laminere den?). Deretter klypte vi ulike figurar av aluminiumen, både organiske og geometriske former (sjå foto). Vi llimte til slutt vi dei ulike delane saman med limpistol, og brukte dei som dekor på ringar, brosjer ol. Dette fungerte veldig bra. (Bilde av dei ferdige produkta kjem seinare).

Vi hadde på førehand klypt ut ein del papir og plast med dekor som vi likte; mellom anna del av ein twistpose og det tunne loket frå nokre av Nespressokapslane. Men lamineringa vart ei langt større utfordring enn vi hadde sett føre oss på førehand. Lamineringsmaskina ville nemleg ikkje vere ven med oss denne kvelden…:-( Vi fekk prøvd eit par ark, før maskina takka for seg. Meininga var å klyppe ut små figurar av dei laminerte tinga, for å bruke det til øyrepynt, smykke osb.

Kva har vi lært? Vi har lært mange ting.
For det første har vi fått erfare at desse aktivitetane er meir tidkrevjande enn vi trudde. Aluminiumskapslane var enkle å jobbe med, men er litt skarpe i kantane (spesielt for små ungar). Dessutan har vi også sett at lamineringa må gjerast med (minst) ein lærar i nærleiken. Først i ungdommskulen vil elevane kunne klare dette på eiga hand. Kaffien som vi trudde vi skulle få brukt, var dårleg eigna til å laminere med, då det vart for tjukt til at maskina ville dra inn lamineringsplasten.

Kva med å nytte desse materiala/teknikkane i skulen og kva seier læreplanen? Det var kjekt å få prøvd ut dette med tanke på undervisning i skulen. Eg trur nok ikkje at arbeid med Nespressokapslane eignar seg så godt til dei aller yngste elevane, fordi ein bør ha ganske god finmotorikk for å klare å klyppe i dei. Først etter 4. trinn kan ein vurdere ein slik type aktivitet. Ein må også ta med i betraktninga at det det er lett å skjære seg på dei skarpe kantane som vert når ein klypp i dette materialet. I K06 under kompetansemåla for Design etter 4. trinn står det nemleg at elevane skal kunne eksperimentere med enkle geometriske former i konstruksjon og som dekorative elementer. Kapslane eignar seg godt til eksperimentering etter at dei er klypt opp. I eit gruppearbeid, til dømes mellom 5- og 7. trinn vil ein slik aktivitet vere meir givande som ReDesignoppgåve. Etter 7. trinn står det nemleg i K06 at elevane skal kunne lage enkle bruksformer i ulike materiale, og kunne gjere greie for samanheng mellom ide, val av materiale, håndverksteknikk, form farge og funksjon. Elevane vil nok ha eit mykje større utbyte av aktiviteten og få i gang ein betre og meir kreativ prosess dersom dei både beherskar teknikken og reiskapen dei skal nytte.

Å klyppe i lamineringsplast klarar nok elevar heilt ned på dei lågaste trinna, men også her skal ein ha god finmotorikk for å klare å klyppe nøyaktig. Dessutan kan det å lage smykkepynt av plastformene vere vel utfordrande for dei yngste elevane, sidan dette er nokså «putlete» og tidkrevjande arbeid. Konklusjonen er at dette nok er ein aktivitet som eignar seg betre i ungdomsskulen enn i barneskulen.

Fabio Novembre

februar 23, 2010 § Kommenter innlegget

Fabio Novembre – ein spennande italiensk designar eg vil anbefale: http://www.novembre.it/

Vognteppet tek form

februar 17, 2010 § 2 kommentarar

I kveld har eg jobba mange timar med vognteppet. Hadde store planar om å sy saman dei ulike delane eg hadde klypt ut. I går kveld klypte eg ut flisofix og strauk på dei ulike englefigurane som skal bli til dekor på teppet. Dei skal monterast på heilt til slutt, etter at alle dongeridelane er sydd. (På bildet er dei heilt tilfeldig plassert).
Eg har no fått den endeleg oversetjinga på det som står skrive på Spansk: «Se me ha caido un angel» . Det er eit uttrykk som kan samanliknast med det norske ordtaket: «Å få noko sendt frå oven» (dvs det å vere heldig). Det passar jo ekstra godt, med tanke på dei som skal få dette teppet:-)

På' an igjen...

Då eg hadde lagt alle dongeridelane på bordet att, såg eg at eg at det måtte det gjerast noko meir før eg kunne starte å sy. Eg var med andre ord ikkje nøgd med det første utkastet. Dermed starta eg forfra igjen. Og – etter å ha teikna nokre nye skisser og klypt ut nye mønsterdelar er eg no nøgd. Alt er førebels nåla fast til det gamle vognteppet. I morgon skal eg tråkle alt ordentleg på. Deretter vil eg sy det til enda eit lerretunderlag for å få det anda litt stødigare. Til slutt trur eg det kan vere lurt å legge inn eit tunt lag med vatt evt eit litt stødig veskefor, før eg syr fast bakstykket.
Slik vart det då alt var nåla på:

Snart kan eg sy!

Arkitekturoppgåve: Å lage kort til ein ven (eller to…)

februar 15, 2010 § Kommenter innlegget

På forrige samling fekk vi ei oppgåve i arkitektur der vi skulle lage eit kort til ein ven. Eller dvs – eg har laga to kort (fordi eg hadde så lyst til prøve dette ut litt meir og fordi det var så kjekt:-). Korta er skorne ut i papir/papp, med tapetkniv.

Eg har venta heilt til i kveld med å legge eitt av dei i Fronter – rett og slett fordi eg ikkje heilt visste kva av dei eg skulle velje. (Typisk meg).

Kort til ein Gaudi-ven - Parabolbue frå Colegium Teresiana

Eg starta med å lage eit kort til ei venninne som snart har bursdag, og som er like bergteken av Gaudi og Barcelona som det eg er. Eg har lagt sjablongen over eit bilde av ei tyrkisk dryppsteinsgrotte. Eg tykte kortet fekk «djupn» i seg med denne bakgrunnen.

Kort til ein liten babyven


Det andre kortet er eit kort som er til ein liten ven (m foreldre) som skal få vognteppet som eg driv og lagar i ReDesign. Motivet er eitt av dei små englebarna, som kjem til å gå att i dekoren på teppet. Eg har limt det utskorne kortet rett på eit handlaga papir (som eg lagde i haust).

Babyteppe – i rute

februar 14, 2010 § Kommenter innlegget

Det er typisk meg å ha mange ballar i lufta. Samstundes med at eg har jobba med skinnveska, har eg også jobba med ReDesign av eit babyteppe (vognteppe).

Det eg har gjort til no:
– Eg har teikna mange skisser med ulike forslag til ulike teppe
– Har laga mønsterdelar, og klypt ut dongeri i rektangulære bitar
– Eg har bestemt meg for å behalde ein del av det gamle vognteppet frå 1964 som dekor i det nye teppet. Dette trur eg vil bli kontrastfullt- i kombinasjon med den oppklypte dongerien, og den litt meir moderne dekoren eg skal bruke.

I helga har eg klypt ut små «engleungar» som eg fann på ei gamal t-skjorte, kjøpt i Spania. Desse skal eg lime flisofix på, slik at dei blir enklare å applikere på det ferdige teppet.

Tysdag kveld har eg sett av til å jobbe berre med dette teppet. Då skal eg sy saman dei ulike dongeridelane og det gamle teppet.

Slik ser det ut så langt:

ReDesign gamal skinnveske – ferdig – så langt…:-)

februar 14, 2010 § 3 kommentarar

Sist helg og denne helga har eg jobba mange timar med å ReDesigne den gamle skinnveska som ein gong har vore mor mi si.

Hovudmålet mitt har vore å gi veska eit nytt design, utan å måtte øydelegge for mykje av den opprinnelege veska. Eg ønskte at skinnet skulle få «nytt liv» (skinnet var blitt litt «dvasst» og sprukke etter bortimot 50 år på loftet). I tillegg ønskte eg å gjere veska meir funksjonell, tidsriktig og tøff.

Dei første ideane eg hadde, gjekk ut på å gjere den meir funksjonell i høve mine behov; dvs fleire lommer både innvendig og utvendig enn det den opprinnelege veska hadde. Eg hadde eit ønske om å setje på utvendige lommer i plast, for lettare å kunne sjå kvar nøklar, mobiltlf osb . Denne ideen forkasta eg ganske raskt, fordi eg såg at dette ville bli eit gedigent stilbrot, i tillegg til at dei nye lommene ville bli vanskeleg å feste.

Det første eg starta med, var å klyppe ut foret i veska, og ta ut fire naglar i botnen av veska, som heldt fast ei tjukk papplate. Eg ønskte å endre veskefasongen ved å ta vekk plata.

Deretter måtte veska på luftetur:-). Den hang så eit par-tre veker ute på klessnora i den verste kulda, for å lufte av seg det meste av den stramme loftslukta.

Då den verste lukta var borte, sette eg skinnet inn (utvendig) med skinnbalsam for å få fram att den flotte «løden» og for å mjukne opp att skinnet. Det vart ein nydeleg brunraudfarge i skinnet:-)
Deretter tok eg av reimane på den eine sida og pussa messing-spennene med messingpuss. Resultatet vart eg veldig nøgd med.

Klypping og sying av nytt for: Eg fann ei gamal skjorte i ein brunfarge som tok att skinnfargen, og som eg tykte passa til for. To av dei gamle for-delane vart brukt som mønster. Mønsterdelane vart lagt på skjorta, og klypt ut. Eg passa på at stoffet låg trådrett (for å unngå at stoffet skulle vri seg under sying). Forstoffet var ikkje spesielt stødig, difor klypte eg ut svart fliselin og strauk på vrangsida av stoffet før eg starta å sy.

Eg hadde på førehand bestemt meg for at eg ville ha to lommer fastsydd til foret i veska, på kvar «langside». Det beste er å sy lommene på stoffet før samansying av alle delane. Eg ønskte å bruke ein gamal kaffipose frå Tanzania som lomme fordi den passa så godt i fargane til foret – og fordi den lukta så godt kaffi:-). Kaffiposen fekk eg av ei venninne som var på ferie der for eit par år sidan. Den vart sydd direkte på foret på den eine «veggen», slik at det vart to lommer i ei. Eg beheldt lukkemekanismen som var i kaffiposen. Det tykte eg var litt artig. Eg sydde så ei lita lomme på den andre «veskeveggen» av stoffet som eg tidlegare hadde farga og brukt Shiboriteknikk på. Her sette eg inn ein glidelås. Eg sydde stikningar i brun tråd, og nokre små ekstralommer til kulepennar m.m. Til slutt sydde eg saman dei fire «veggane», strauk ut saumrommet, og klypte små hakk i buen, slik at stoffet ikkje skulle bulke seg. Eg sydde ned kortsidene, slik at dei kunne limast rett på skinnet med tekstillim. Til slutt fjerna eg ut dei gamle trådane på utsida av veska (stikningane). Førebels står dei «tomme», men det kan tenkast at eg syr inn nye spennande element, om det skulle dukke opp nye idear.

Eg lurte lenge på kva eg skulle finne på for å gjere veska meir «in» og funksjonell i høve hankane. Eg bestemte meg for å behalde dei opprinnelege hankane, men ønskte i tillegg å setje på ei røff skulderreim. Eg fann ei gamal ruskinnjakke som eg vurderte å klyppe opp og sy heilt ny skulderreim av, men tykte ruskinnet ikkje passa heilt til det det eksisterande skinnstoffet. Etter ein «razzia» i klesskapet fann eg eit belte som eg ikkje har brukt på åresvis. Det kutta eg opp slik at det kunne brukast til skulderreim. Eg limte ein del fast til den eine utvendige kortveggen med tekstillim, og den andre delen til den andre kortveggen. Deretter limte eg foret fast til skinnet på innsida, og festa tett i tett med klesklyper rundt til det var tørka. Så prøvde eg å sy det forsiktig fast med symaskin med lærnål. Lærnåla sin funksjon er å skjære skinnet medan ein syr, slik at det skal bli lettare for maskina å dra. Men – dette fungerte ikkje. Maskina mi har nok for liten motor tl å klare dette. Så, skal eg få sydd dei få saumane som no skal syast, må eg nok låne meg ei kraftig skomakermaskin. Evt må eg sy dei for hand, det går og greitt, men tek litt tid, fordi eg då må stikke ut hola på førehand.

Eg er svært nøgd med prosessen og det endelege resultatet, sjølv om eg i utgangspunktet trudde at eg skulle få sydd saman veska med symaskina mi. Denne veska veit eg at eg kjem eg til å bruke mykje, sidan ho og har affeksjonsverdi.

Veska kan definerast som ReDesigna fordi:
1) eg tok vekk botnen i veska slik at den fekk ein annan fasong (meir bua i botnen)
2) eg har brukt ei gamal skjorte og ein gamal kaffipose i til å lage «nytt» veskefor og lomme
3) eg har klypt opp eit gamal belte og laga ny skulderreim av det
4) meir enn 50% av veska er altså «ny» – (men av gamle/brukte ting)

I skulesamanheng er eg imidlertid litt usikker på om eg ville ha sett i gang med eit slikt prosjekt. For det første fordi det er ganske omfattande og arbeidskrevjande og krev tett oppfølgjing av lærar. I tillegg må ein ha symaskin som ein veit har kraftig nok motor til å sy i skinn. Men, det kunne vore artig og prøvd dette med ei lita gruppe elevar på 10. trinn. Alternativt kunne ein då brukt handsaum med skinnnål eller ein kunne lånt inn ei kraftigare maskin.

Arbeidsprosessen bilde for bilde:

Samling 5. februar – design

februar 10, 2010 § Kommenter innlegget

Fredagen var også veldig inspirerande. Vi hadde først ei føreslesing, der vi fekk sjå spennande bilete frå ulike designprosjekt som studentar i Uganda hadde vore med på. Kreativiteten blomstra, trass små ressursar. Det var svært nyttig og kjekt med demonstrasjonen av dei ulike tinga som Berit hadde med seg frå Afrika. Interessant å høyre om korleis dei ulike materiala vert nytta.

Her er eit lite utval av det som vart presentert for oss:

Samling 4. februar – arkitektur

februar 10, 2010 § Kommenter innlegget

Arkitekt Gunnar Hageberg tok oss med på ei spennande reise i arkitekturen si «verd» denne torsdagen. Han tok utgangspunkt i både eigne og andre sine arbeid; frå han som barn starta med å teikne hus-på vegen fram mot eige yrke som arkitekt. Det var inspirerande og interessant at han hadde med eigne teikningar og skisser. Desse hadde hadde hengt opp på tavla i klasserommet. Eg tykte og det var fint at vi fekk prøve oss som arkitektspirer. Vi var to og to på kvar gruppe som skulle velje mellom ulike oppgåver som vart presentert for oss. Vi valde oss oppgåva UTE-INNE. Vi fekk utdelt kvar vår tapetkniv, lim, linjal, blyant, pluss litt tjukk og tunn papp.

Hageberg viste oss små «triks» som han kalte det, for at vi på enklaste måte skulle lage våre eigne modellar etter angitt målestokk. Vi valde å bruke 1:20 i vår oppgåve. Alle gruppene presenterte til slutt arbeida sine for resten av klassen. Dei fire første bilda under viser arbeidet og prosessen med eiga oppgåve. Gruppene hadde mange gode idear. Kreativ gjeng:-) Sjå berre på bilda under.


Den siste delen av dagen fekk vi først ei lita førelesing i korleis ein kan bygge opp ein by frå grunnen av. Haiti vart brukt som døme.
Til slutt fekk vi ei lita innføring i persepektivteikning. Hageberg teikna og forklarte på tavla, brukte ulike krittfargar. Svært nyttig.
Det einaste eg sakna denne dagen, var at fagstoffet var knytt opp mot K-06. Men dette skal vi sikket ha meir om på neste samling.

Hekling med gamle t-skjorter

februar 8, 2010 § Kommenter innlegget

Etter å ha prøvd strikking av oppklypte t-skjorter på kjempestrikkepinnar, bestemte eg meg for å prøve ut hekling med kjempeheklenål. Sidan den største heklenåla eg hadde var str 5, (og det fungerte dårleg), måtte eg på «Bui» for å kjøpe den største heklenåla som var å oppdrive (str 15). Eg bestemte meg for å hekle rundt og rundt. Då eg starta, hadde eg fleire idear om kva dette kunne bli; til dømes golvteppe/matte, gryteklutar, gryteunderlag, veske.

Eg la opp 3 luftmasker i ein sirkel, og hekla saman til ein sirkel med ei kjedemaske. Deretter hekla eg tre nye luftmasker (som vart til ein dobbel stav). Eg heldt fram med å hekle doble stavar, samstundes som eg auka jamnt dei første omgangane; 1 stav, ei luftmaske, 1 stav osb. Etter nokre omgangar, varierte eg mellom omgangar med fastmasker og stavar (både enkle og doble ). Då sirkelen målte ca 20 cm i diameter (flat), stoppa eg aukinga. Eg hekla ca 30 cm rett opp. Då var det slutt på den raude «tråden». På siste omgangen hekla eg tunger som skulle pynte opp avslutningskanten. Dette gjorde eg ved å hekle tre stavar i same maske, 1 fastmaske mellom kvar stav til slutten av omgangen.

Etter at eitt stort nøste var brukt opp, såg eg at det ikkje ville bli nok «garn» til verken veske, eller nokre av dei andre tinga eg hadde skissert opp på førehand. Dermed dukka det opp ein ide om at dette kunne passe fint som ei brødkorg. Det må då lagast eit for inni, som er enkelt å reingjere (helst eit litt glatt stoff som smulane ikkje festar seg til). Eg har ein ide om å lage eit for som enkelt kan takast av og på (til dømes med trykknappar, evt borrelås).

Hekling med nål nr 15

Nesten ferdighekla brødkorg

Å feste trådar er vanskeleg, kjedeleg men nødvendig

februar 2, 2010 § Kommenter innlegget

I kveld har eg strikka ferdig skjerfet eg starta på, der eg strikka med T-skjortetråd. Det vart mjukt og godt, og ikkje så verst å ha på seg. Tenåringen i huset ymta frampå om at det faktisk gjekk an å bruke det til ei dongerijakke. Og det er vel ikkje noko dårleg teikn?

Det mest utfordrande med gjennomføringa av dette prosjektet, var sluttfasen; dvs å få festa alle lause «trådar» (slik at det skulle bli fint nok). Eg hugsa at den gamle handarbeidslærarinna mi på ungdomsskulen sa at vranga alltid skulle sjå like fin ut som retta. Det var faktisk umogleg å få til her. Så – dette vart som det vart. Det var nemleg umogleg å få dette til utan å knyte saman dei lause «trådane». Og – produktet vart slik at det godt kan sjå litt «rufsete» ut, er mi meining. Det står godt til dagens mote (dvs – der alt er lov).

Where Am I?

You are currently viewing the archives for februar, 2010 at Heidis blogg i kunst og handverk.